Kulturstipend

Bjørnafjorden kommune lyser ut to kulturstipend kvart på kroner 20 000 med søknadsfrist 1. april

Unge mellom 16 og 29 år kan søka om stipend. Målet med stipendordninga er å stimulera og inspirera til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet. Kulturstipenda skal vera ei framtidsretta kjelde til vidare utvikling og satsing innanfor den omsøkte aktiviteten.

Søkar må grunngje godt korleis stipendet kan bidra til å utvikle talent og evner på feltet. Stipend skal ikkje gå til å dekke kostnader med formell utdanning, men kan gå til opplæring og kompetanseheving.

Det blir årleg delt ut to stipend, kvart på 20 000 kroner.

Du søker via dette digitale søknadsskjemaet
 

Vedtekter

Kommunestyret har vedteke eigne vedtekter for kulturstipenda. Sentrale punkt er:

  • Søkar må vera folkeregistrert busett i Bjørnafjorden kommune
  • Det kan søkast frå det året søkar fyller 16 år og til og med 29 år
  • Søknad skal vera personleg, det kan ikkje søkast for andre
  • Søkar kan berre få tildelt stipend ein gang
  • Søkar må i søknad fortelja kva stipendet skal nyttast til
  • Søkar må grunngje korleis stipendet kan bidra til å utvikla talent og evner på feltet
  • Søknadane blir behandla politisk i Tenesteutvalet etter innstilling frå adminstrasjonen
  • Ordførar står for sjølve utdelinga, ved eit passande høve
     
Vedtekter kulturstipend

§ 1 Mål
Bjørnafjorden kommune skal ha eit kulturstipend som skal stimulera og inspirera til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet. Kulturstipenda skal vera ei framtidsretta kjelde til vidare utvikling og satsing innanfor den omsøkte aktiviteten.
§ 2 Målgruppe
Kulturstipendet skal gå til unge, lovande kunstnarar, idrettsungdom og kulturentreprenørar som er folkeregistrert busett i Bjørnafjorden. Det kan søkast om stipend frå og med det året søkar fyller 16 år til og med det året søkar fyller 29 år. Berre enkeltpersonar kan søka, og det kan ikkje søkast for andre. Stipendet kan berre tildelast ein gong til same person. Dei som har fått kommunalt kulturstipend i Os kommune, kan ikkje søka på nytt i Bjørnafjorden kommune.
§ 3 Storleik
Det blir kvart år delt ut inntil 2 stipend, kvart på kroner 20.000.
§ 4 Utlysing
Stipendordninga blir lyst ut offentleg 1. mars kvart år.
§ 5 Søknad
Søknaden skal vera fremma av søkar på eige søknadsskjema. Tenesteutvalet kan i spesielle høve sjå bort frå denne regelen og tildela stipend utan søknad. Det skal framgå av søknad kva stipendmottakar ønsker å bruka stipendet til. Søkar skal grunngje korleis stipendet kan bidra til å utvikla talent og evner på feltet.
§ 6 Behandling
Stipendordninga blir administrert av kultureininga som førebur ei politisk sak med gjennomgang av søknadane. Tenesteutvalet gjer vedtak om kven som skal få stipend. I behandlinga skal ein sjå til at eit mangfald av uttrykk og aktivitet blir stimulert gjennom ordninga over tid. Det er òg ønskeleg at det over tid er ein god kjønnsbalanse mellom stipendmottakarane.
§7 Tildeling og kunngjering
Saksframlegget er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift Sjølve tildelinga blir gjort av ordførar og skal skje offentleg i ein passande samanheng. Kven som har fått stipend, skal vera kunngjort på kommunen si heimeside, og det skal her vera ei liste over namn på tidlegare stipendmotakarar.
§ 8 Endring
Framlegg om endring av vedtektene må godkjennast av kommunestyret.

Kontakt

Grete Byrkjeland
Rådgjevar
Telefon: 94853607
Mobil: 94853607