Konsesjon

Når ein overtek ein landbrukseigedom må ein anten søkje konsesjon, eller kommunen må stadfeste at overtakinga er konsesjonsfri, t.d. av di kjøpar og seljar er i nær slekt (sjå om dette nedanfor). Reglane er like, uavhengig av om overtakinga skjer ved kjøp, gåve, arv eller odel. Bakgrunnen for at omsetnaden av fast eigedom vert kontrollert, er mellom anna at ein ønskjer om å verne produksjonsareala i landbruket og å ha slike eigar- og brukstilhøve som er mest mogeleg til gagn for samfunnet.

Konsesjon inneber at ein får samtykke til å overta eigedommen. Overtaking av fast eigedom er i utgangspunktet konsesjonspliktig, men det finst ei rekkje unntak. Dei fleste overtakingane er difor ikkje konsesjonspliktige, enten på grunn av eigedomen sin karakter, eller fordi kjøpar og seljar er i nær slekt eller familie, sjå § 4 og § 5 i konsesjonslova.

For å få tinglyst overtakinga av ein landbrukseigedom, er det nødvendig at kommunen har fatta eit positivt vedtak om konsesjon, eller at den kan stadfeste at overtakinga ikkje er konsesjonspliktig. Ein nyttar då skjemaet «Eigenfråsegn om konsesjonsfridom», som må stadfestast av kommunen. Fråsegna må deretter sendast inn til Kartverket, saman med andre nødvendige dokument knytt til overtakinga, t.d. skøyte.

Konsesjonsfriheit på grunn av slektskap
Overtaking av landbrukseigedom frå nær slekt er oftast konsesjonsfri. Dette gjeld også ved overtaking av eigedom på odel.

Dersom der er bustadhus på eigedomen og den har meir enn 35 daa fulldyrka og/eller overflatedyrka jord, eller meir enn 500 daa produktiv skog, må du oppfylle den lovbestemte buplikta for at overtakinga skal vere konsesjonsfri. Dersom du ikkje skal/kan busetje deg på eigedomen, må du søkje konsesjon. Les meir om dette under kapittelet Buplikt.
Eigenerklære konsesjonsfri overtaking av eigedom
Søkje konsesjon for erverv av fast eigedom
Eigenerklære konsesjonsfri overtaking av eigedom

Unntak som følgje av eigedomen sin karakter
Om eigedomen er konsesjonspliktig eller ikkje vil kome an på storleiken og om eigedomen er bygd på. Hovudregelen er at ein kan overta eigedom som er bygd på utan å søkje konsesjon, dersom eigedommen ikkje er større enn 100 dekar totalt og ikkje har meir enn 35 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka areal.
 

Kommunen kan hjelpe til med å avklare om det er tale om ein konsesjonspliktig eigedom eller ikkje. Ein finn også opplysningar om eigedomen sine areal og storleiken på desse på NIBIO si nettside/Gardskart på nett. Ein bør merke seg at medeigedomsrett i felles utmark kan innebere at arealstorleiken vert større enn det som t.d. går fram av Gardskartet.

Det er lagt ut ei oversikt over spørsmål og svar på heimesida til Landbruksdirektoratet. Her finn du dei mest vanlege spørsmåla om konsesjon. Der ligg det også lenker til relevante rundskriv og til lovverket.
 

Kontakt

Øystein Svalheim
Rådgjevar
Telefon: 56580140
Mobil: 95884074
Simon Rudolf Wolff
Leder
Telefon: 47285087
Mobil: 47285087
Silje Tuft
Rådgjevar
Telefon: 92425914
Mobil: 92425914
Til toppen