Tilskot til tilpassing
- Tilskot til tilpassing skal bidra til at personar med nedsett funksjonsevne, som har behov for tilpassa bustad, får gjort dei nødvendige tilpassingane.
- Målet med tilpassinga er at bustaden skal bli betre eigna og tilrettelagt, og at du kan halde fram med å bli buande heime.
Økonomisk behovsprøvd
- Tilskot til tilpassing er økonomisk behovsprøvd. Dersom du har økonomi til å dekke kostnadar ved tilpassinga sjølv, kan du ikkje rekne med å få tilskot til tilpassing.
- Vi gjer individuelle vurderingar i kvar sak, der vi ser på husstanden sin samla økonomi og behov for tilpassing. I vurderinga vil vi også sjå på moglegheiter for å finansiere tilpassinga med startlån.
Eigd, leigd og nybygd bustad
- Tilskot blir som hovudregel innvilga til eigd bustad.
- Tilskot kan bli innvilga til tilpassing i leigd bustad dersom husstanden har ein langvarig leigekontrakt.
- Tilskot kan bli innvilga til leigetakarar i kommunal bustad. Utleigar må godkjenne at arbeidet blir utført, anten bustaden er privat eller kommunalt eigd.
- Tilskot kan innvilgast til bygging av ny bustad, dersom bustaden er av nøktern og rimeleg stand ut i frå storleik på husstanden.
Som hovudregel blir tilskot til tilpassing innvilga éin gong. Det blir ikkje gitt tilskot til ordinært vedlikehald og oppussing.
Storleik på tilskotet
Som hovudregel kan det bli gitt tilskot på inntil kr 40 000. Dersom dei totale kostnadane er høgare enn denne summen, kan ein vurdere å innvilge det resterande som startlån.
I særlege tilfelle kan det bli vurdert å innvilge tilskot over kr 40 000,-
Dette gjeld dersom:
• Husstanden eig bustaden
• Det kan dokumenterast at tilpassinga blir svært kostbar på grunn av husstandens særlege behov for tilpassing
• Husstanden har ikkje økonomi til å betene eit lån.
Det er ein føresetnad at tilpassinga blir forsøkt gjennomført så rimeleg som mogleg.
- Tilskot over kr 40 000,- skal ha pant i bustaden, og blir nedskrive med 10 % kvart heile år
husstanden bur i bustaden. - Dersom bustaden blir overdratt eller fråflytta, skal resttilskot bli innfridd. Tilskot inntil kr 40 000,- blir avskrive ved utbetaling.
Utbetaling av tilskotet
- Søkjar kan levere faktura frå handverkar/leverandør til kommunen, som då betalar faktura direkte til handverkar/leverandør (inntil innvilga tilskotsbeløp).
- Alternativt kan søkjar betale faktura sjølv og få refundert tilskotsbeløpet frå kommunen mot å framvise kvittering for betalt beløp.
- Tilskotet kan ikkje nyttast til å betale for arbeidspengar anna enn til mva-pliktige
firma/enkeltpersonføretak.
Dette kostar tenesta
Tilskot til tilpassing er i utgangspunktet eit rente- og avdragsfritt lån. Beløp inntil kr 40 000,- er eit reint tilskot og skal ikkje betalast tilbake.
Lovgrunnlag
Lov om bustøtte og kommunale bustadstilskot kap II, § 14 til 15, Forvaltningslova § 18 og § 28 til 34 og kommunen sine retningslinjer for startlån og tilskot.