Tilsyn med bustad
Du må vere heime når vi kjem på tilsyn, slik at du kan vise oss rundt i bustaden. Dersom du ikkje kan vere til stades sjølv, bør du avtale med nokon som kan sleppe oss inn. Personen må kjenne bustaden godt.
Dette sjekkar vi:
- røykvarslarar, slokkeutstyr og rømningsvegar
- om eldstad og skorstein har synlege feil eller manglar
- om det er behov for feiing, og om feiaren har tilgang til skorsteinen
I tillegg rettleiar vi deg i spørsmål om fyring og brannsikkerheit i heimen.
Etter besøket får du ein tilsynsrapport.
Kontakt Bjørnafjorden brann og redning