Hovudreglar når du skriv som Bjørnafjorden kommune

Mykje kan du velje, noko må du godta.

Infinitiv av verb: Du vel sjølv -a eller -e

Å skrive eller å skriva.

Du vel sjølv om du vil skrive –a eller –e til slutt, men vel éi form og ver konsekvent.

Skriv vi, ikkje me

Vi skriv vi. Vi skriv ikkje me.

Skriv bli, ikkje verte

Eg blir glad når eg ser deg, ikkje eg vert glad når eg ser deg

Å bli glad – ikkje å verte glad

Eg har blitt glad, ikkje eg har vorte glad

Du vel sjølv om du brukar -j i verb eller ikkje

Men ver konsekvent!

  • å gi (gir) eller å gje (gjev)/-a
  • å følge eller å følgje/-a
  • å bygge eller å byggje/-a
  • å søke eller å søkje/-a
  • å tenke eller å tenkje/-a
  • å sitte eller å sitje/-a  
  • å sette eller å setje/-a 
  • å ligge eller å liggje /-a  
  • å legge eller å leggje/-a 
  • å ønske eller å ønskje/-a 
  • å rekke eller å rekkje/-a 
  • å fremme eller å fremje/-a 

Det same gjeld -j i substantiv:

Ein innbyggar/innbyggjar, ein utbyggar/utbyggjar, ein båtbyggar/båtbyggjar, ein følgar/følgjar, ein søkar/søkjar, ein tenkar/tenkjar, ein givar/gjevar

Skriv å ta, ikkje å take/taka. Å la, ikkje late/lata

  • Vel å ta-tar-tok-tatt framfor å take-tek-tok-teke. Vi har mottatt, ikkje vi har motteke. Vi har vedtatt, ikkje vi har vedteke.
  • Vel å la–lar–let–har latt framfor å la/late–lèt–lét–har late. Det er tillatt, ikkje det er tillate.

Bruk av genitiv

S-genitiv er lite utbreidd i nynorsk.

Skriv mannen sitt namn, kommunen sitt regelverk, foreldra til eleven, framfor mannens namn, kommunens regelverk, elevens foreldre.

Etter særnamn og liknande er det greitt å bruke s-genitiv: Hovlands roman, Noregs land. NB: Apostrof-s (Hovland's, Noreg's) er aldri rett å bruke på norsk.

Tilbake til hovudsida 

Artikkelliste