Slik skriv du betre

Er det forskrifta som har kommentarar? Eller mennene? Det kan gå litt fort i svingane for kongelege departement òg.  

Før du begynner å skrive: 
Tenk gjennom: Kvifor skriv du denne teksten? Kva er målet? Kva vil du at teksten din skal få mottakaren til å gjere? 

Kven gjer kva?

Klargjer kven som gjer noko i setninga:

  • Skriv "Vi ber deg svare oss innan ….", ikkje «Svar utbes innan...."
  • Skriv "Kommunen må sjå på korleis dette...", ikkje "Ein må òg sjå på korleis dette..."
  • Skriv "Vi vil innføre denne ordninga", "Vi viser til brevet ditt, mottatt 22.april", ikkje «Ein vil innføre denne ordninga», "Viser til brev mottatt 22. april".

Kven er det som gjer noko? Kven har dette som mål? Kven meiner dette? Kven sitt ansvar er det?

Skriv slik du ville sagt det

I samband med måltidssituasjonar blir kommunikasjon gjennom samtalar viktig. 
Ville du sagt det slik? Nei? Då bør du ikkje skrive det, heller.

Kanskje kunne det heller stått Det er viktig å snakke saman rundt lunsjbordet eller Samtalen rundt måltidet er viktig.

Eit munnleg språk er enklare å skrive og lese. Ofte er vi redde for at eit enkelt, munnleg språk får oss til å framstå litt dumme. Men eit kronglete språk skapar distanse mellom avsendar og mottakar - og fører ofte til misforståingar. Det enkle er ofte det beste.

Skriv lett!

Unngå substantivsjuka. Kjenneteikn på på substantivsjuke i ei setning, eller ei substantivtung setning, er at setninga inneheld eitt eller fleire substantiv på -ing som er danna av eit verb, og eitt eller fleire innhaldstomme verb, dvs. verb som ikkje tilfører setninga noko meiningsinnhald (t.d. å gjere).

Tungt: Saka blei gjort til gjenstand for drøfting  Lett: Saka blei drøfta.

Tungt: Ei behandling av lånesøknaden bør føretakast så snart som råd. Lett: Lånesøknaden bør behandlast snarast råd.

Tungt: Det er føreteke ei standardheving. Det er òg utført måling av innvendige overflater. Lett: Standarden er heva, og innvendige overflater er måla.

Bruk mellomtitlar og avsnitt

Del opp teksten din i avsnitt med overskrifter/mellomtitlar. Formuler gjerne mellomtitlane som spørsmål eller forklarande setningar, til dømes: "Kva betyr dette for deg?" eller "Kvifor får du dette brevet?" eller "Slik går du fram", "Dette ber vi deg om å gjere". Ved å ordne teksten hjelper du lesaren å forstå bodskapet raskare.

Bruk overskrifter og titlar som faktisk beskriv kva teksten din handlar om

  • Dårleg overskrift: Helseverksemd og vanskelegheiter. Beskrivande overskrift: Dette slit helsetenestene med eller Dette slit vi med i helsetenestene

Forklar vanskelege ord og forkortingar før du brukar dei

Dersom du må bruke fagterminologi eller framandord i teksten, må du først forklare kva ordet betyr. Det same gjeld forkortingar.
Døme: Individuell plan (IP) er eit tilbod til deg som mottar hjelp frå to eller fleire instansar, og som har behov for koordinerte tenester. Ordninga med IP er frivillig.

Ver bevisst når du vel ord - ikkje skriv på autopilot

  • I forhold til 

Bruk «i forhold til» rett. I forhold til betyr «samanlikna med». (Døme: Det er mange kvinnelege søkarar i forhold til menn.) I nesten alle tilfelle skal du heller skrive for, om, etter, med, til eller på.

  • Fokus 

Fokus betyr eit punkt. Du kan ha ei sak i fokus. Det er umogleg å ha eit breitt eller høgt fokus.

Fleire gode råd

Tilbake til hovudsida 

Artikkelliste