Fjordblikk ved Fusa bu- og behandlingssenter

Fjordblikk er eit dagsentertilbod for personar med funksjonsnedsetting og personar med demenssjukdom. Brukargruppene har tilbod på ulike dagar. Senteret er ein del av Fusa bu- og behandlingssenter på Leiro i Eikelandsosen.

Kven er tilbodet for?

Dagsenteret er for personar med funksjonsnedsetting og personar med demenssjukdom som bur heime.

Tilbod

  • Turgåing
  • Formingsaktivitetar
  • Song
  • Trim
  • Bingo
  • Avislesing

Vi samlar oss rundt bordet til hyggelege måltid med næringsrik mat. Du får tilbod om frukost, middag og eit mellommåltid med frukt.

Tilbodet blir tilpassa den enkelte.

Vi hentar deg og køyrer deg heim med minibuss.

Opningstid

Heimebuande med funksjonsnedsetting: tysdag og torsdag kl. 10-15.
Heimebuande med demenssjukdom: måndag, onsdag og fredag kl. 10-15.

Slik søkjer du

Kva skjer vidare med søknaden?

Kva kostar tenesta?

Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.

Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden.

Kontakt

Fjordblikk dagsenter
Telefon: 56580216