Forureining og forsøpling

Kva er ulovleg forsøpling?

Avfall er i forureiningslova § 27 definert som «løsøregjenstander eller stoffer som noen har kassert, har til hensikt å kassere eller er forpliktet til å kassere».

Ulovleg forsøpling kan typisk være:

  • ulovleg deponering av avfall i naturen
  • samling eller etterlatte bilvrak og båtar
  • skjemmande avfall
  • deponering av jord, steinmassar, bygningsmateriell mm.
  • brenning av avfall

Ulovleg fylling/deponering av jord- og steinmasser blir meld vidare til byggesak for vurdering av oppfølging etter plan- og bygningslova.

Plikt til å unngå forureining og forsøpling

Ingen må lagre eller handtere avfall slik at det kan virke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet (forureiningslova § 28).

Kvar enkelt har ansvaret for å frakte avfall som møblar, kvitevarer, hageavfall, bil- og båtvrak og anna avfall til gjenvinningsstasjonane i kommunen eller til andre godkjente mottak.

Gjennvinningsstasjon i Kollskogen

Gjennvinningsstasjon i Eikelandsosen

På same måte har kvar abonnent ansvaret for at det er orden og ryddig rundt sine avfallsdunkar. Er hyttekonteinar full, må du ta med avfallet til ein annan konteinar eller ta med deg avfallet heim.

Driv du kiosk, gatekjøkken, daglegvarehandel og liknande har du ansvaret for å sette opp og tømme avfallsbehaldaren i nærleiken av salgsstaden din (forureiningslova § 35).

Utslepp frå private avløpsanlegg er berre tillat etter godkjenning frå kommunen. Har du eit privat avløpsanlegg er du sjølv ansvarleg for at anlegget med tilhøyrande leidningar blir bygd og heldt ved like slik at det er i samsvar med løyvet som er gitt og at det ikkje går ureinsa kloakk i terrenget/naturen.

Hageavfall

Det er ikkje lov å kaste hageavfall i naturen. Hageavfall kan du anten kompostere i eigen hage eller levere til godkjent avfallsmottak. 

Dumping av hageavfall i naturen kan føre til at plantar som ikkje høyrer heime i norsk natur blir spreidd og kan forstyrra det naturlege plante- og dyrelivet. Dumping av hageavfall i naturen og på friområde vert rekna som forsøpling og er ulovleg.

Døme på framande skadelege planteartar er parkslirekne, hagelupin, kjempespringfrø. Artane som utgjer ein trussel ligg på Fremmedartslista.

Har du plantar som er omfatta av fremmedartslista, skal du ha dei i tette, lukka plastsekkar og levere det på gjenvinningsstasjonen.

Båtar og bilar

Lagring av bilvrak, båtvrak og andre større maskiner fører til høg risiko for forureining og kan vere skjemmande for omgjevnadane. Bil- og båtvrak skal ikkje oppbevarast i naturen eller på privat eigedom, men skal leverast til godkjent avfallsmottak. Kommunen kan pålegga fjerning og opprydding både til eigar og til grunneigar der oppbevaring skjer.


Fyllingar

Alt avfall skal leverast til godkjent mottak. Forsøpling og oppbevaring av avfall i eit område kan føre til ei ulovleg avfallsfylling på kort tid. Dette verkar skjemmande i naturen og for omgjevnadane og kan få uheldige verknadar på miljøet.

Dersom du som grunneigar oppdagar avfall som er dumpa på eigedommen din, må du sjølv ta ansvar for at dette ikkje utviklar seg og setje i verk tiltak som hindrar vidare dumping.

Eig du eigdedom det er forsøpla på?

Som grunneigar bør du tenke på kva tiltak som kan setjast i verk for å  avgrense moglegheita for avfallsdumping. Døme på tiltak kan være skilting, sperring/vegbom, rydding av skog/kratt, beplanting, belysning med meir.

Er du kjent med at det er leigetakar eller andre som er ansvarleg for å ha plassert avfallet eller gjenstandane på din eigedom, må du få dei til å rydde opp.

Har du observert skadedyr?

Du kan ikkje klage på skadedyr på eigen eigedom med mindre problema skuldast ein privatperson. Du bør uansett forsøke å ta saka opp med vedkommande før du melder til oss.

Kva er kommunen sitt ansvar?

Kommunen har ansvar for oppfølging av saker som gjeld ulovleg forsøpling. Det kan i nokon tilfelle være tvil om saka gjeld forsøpling eller om avfallet inneber fare for forureining, eller om det er privat eller kommunal eigedom.

Se "Melde i frå" lenger nede.

Kva er BIR sine oppgåver?

Bjørnafjorden kommune har samarbeidsavtale med BIR.

BIR sine oppgåver er å registrere forsøpling, sørge for opprydding og forebygge ulovleg avfallshandtering, villfyllingar, forsøpling i naturen  eller på privat og offentleg eigedom, inkludert fjerning av bilvrak, båtvrak.

Vidare har BIR ansvar for å følgje opp avfall i samband med utsalsstader, turistanlegg, utfartsstader mm ( forureiningslova § 35).
BIR sine oppgåver er å kartlegge type og omfang, ha dialog med den ansvarlege om rydding,og eventuelt følgje opp vidare med pålegg om rydding mm.
Ut frå dette og etter nærmare undersøking av saka, vil BIR og kommunen koordinere og sørge for at saka blir fulgt opp.

Meld frå om fulle eller forsøpla returpunkt (BIR si nettside)

Melde i frå?

Det kan i nokre tilfelle være tvil om saka gjeld forsøpling, om avfallet inneber fare for forureining, eller om det er privat eller kommunal eigedom. Dersom du ikkje har informasjon om alle forhold som det blir spurt om i skjemaet, så er det viktigaste at du melder frå om kvar, og skildring av kva type forsøpling du trur at saka gjeld.

Meld i frå

Basert på kva det gjeld, vil det bli formidla til rett instans. (Ein kan melde anonymt.)