Søk om spelemidlar

Spelemidlar er overskotet frå dei ulike spela Norsk Tipping er ansvarleg for, til dømes Lotto, Flax, Joker og Keno. Nesten halvparten av overskotet går til idrettsformål, det meste til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg i kommunane.

Kven kan søkja om spelemidlar?

Kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, andelslag, burettslag/velforeiningar, aksjeselskap, stiftingar og liknande.

Kva kan det søkjast om tilskot til?

Bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn aktivitet og ikkje underlagt kommersielle interesser.

Kor mykje kan du søkja om?

For ordinære idrettsanlegg, som fotballbanar, skyteanlegg og hallar er hovudregelen at du kan søkja om tilskot for inntil ein tredjedel av anlegget sin godkjente kostnad (opp til ei maksgrense).
Nedre grense for godkjent kostnad ved utrekning av tilskot er kr 150 000,-

Dersom du søkjer for nærmiljøanlegg, som til dømes ballbingar, skateparkar eller sandvolleybanar, kan du søkja om tilskot for inntil halvparten av godkjent kostnad. Tilskotssum er frå kr 25 000,- til kr 300 000,-

Slik søkjer du

Søknad om spelemidlar til idrettsanlegg på regjeringen.no

Søknaden går til kommunen der anlegget ligg. Kommunen gjer ei intern prioritering av søknadane, før desse blir sende vidare til fylkeskommunen innan fristen 15. januar kvart år. Fylkeskommunen fordeler spelemidlar, etter oppdrag frå staten.

Avdelingsleiar for idrett og friluftsliv i Bjørnafjorden kommune kan gje råd om søknad om spelemidlar og andre statlege tilskotsmidlar for idrett.

Kontakt

Tom Leonsen
Rådgjevar
Telefon: 45452296
Mobil: 45452296