Produsentnummer

Når du skal starte landbruksverksemd er det ei rekkje ting som må vere på plass. Det kan vere nyttig å ta kontakt med kommunen tidleg i prosessen, for meir informasjon og hjelp.

For å kunne søkje om tilskot treng du organisasjonsnummer og bedriftsnummer. Det får du ved å registrere eit føretak i Einingsregisteret i Brønnøysund.

For å kunne levere dyr til slakteri eller produsere mjølk, tinge øyremerke til dyra med meir, må du ha eit produsentnummer. Dette vert oppretta av kommunen gjennom Landsbruksregisteret. Søknad om produsentnummer 

Mattilsynet skal ha beskjed når du startar med- eller tek over husdyrhald. Det er krav om at du som driv næringsretta dyrehald skal ha oppdatert og dokumentert kunnskap om dyrehelse. Dersom du skal drive økologisk må drifta og produksjonen vere godkjent av Debio. Kontakt Karianne Tveitnes, rådgjevar landbruk Telefon: 456 32 100 E-post: kartve@bjornafjorden.kommune.no

Til toppen