Her finn du tappepunkt for vatn

Bjørnafjorden kommune har fem tappepunkt for større vassuttak. Desse tappepunkta skal gjere det enkelt og sikkert å ta ut vatn frå lediningsnettet.

 
 

 

Her finn du vasspostene:

 

-Gåsakilen pumpestasjon ved Storestraumen.

-Ådnadalen pumpestasjon, ved Ulvenvegen 340. 

-Vallebrua pumpestasjon/Hegglandsdalen.

-Halhjem ferjekai pumpestasjon.

-Torsneset pumpestasjon, ved bubilparkeringa i Eikelandsosen

På vasspostene er det ei vanleg nor kobling, men dei skal og vere utstyrt med eit lokk som gir mulighet for fylling med gardena kobling.

Vi tillet vanligvis ikkje uttak frå brannhydrantar. Hydrantane har spesiallås, slik at dei berre er tilgjengelege for brannvesenet og teknisk personell i kommunen.