Prioriteringsgruppe 3 er menn og transpersonar som har sex med menn og som har risikoatferd.
Om mpox og vaksine
Mpox smittar mellom menneske via tett kontakt med utslett, kroppsvæsker og dropar. Seksuell kontakt er vanlegaste smittemåte i utbrotet som starta i 2022. Så langt er det i hovudsak menn som har sex med menn som er ramma.
Det er avgrensa tilgang på vaksine internasjonalt. Vaksinetilbodet blir gitt til dei med størst risiko for smitte.
Prioriteringsgrupper for vaksine
Vaksinasjon av prioriteringsgruppe 1 starta i oktober 2022, og har foregått i regi av spesialisthelsetenesta. I mars 2023 blei tilbodet utvida til prioriteringsgruppe 2, og i mai til gruppe 3. Desse gruppene har kommunehelseteneste ansvar for.
Du kan lese meir om mpox, prioriteringsgrupper og vaksinen på helsenorge.no
Er du i risikogruppa? Slik får du vaksine
Smittevernkontoret i Bergen kommune tilbyr vaksine mot mpox òg til innbyggarar i nabokommunane. Du må bestille time på førehand.
Les meir om korleis du bestiller time og annan viktig informasjon på Bergen kommune sine nettsider
Har du mistanke om at du kan vere smitta av mpox? Ring legen din.