Vrakpant på gamle eldstader

Bjørnafjorden kommune har ei ordning med vrakpant på eldstader installerte før 1998.
Vrakpantordninga er ein del av kommunen sitt arbeid med klima, miljø og energi (KLEM) og er eit tilskot du som innbyggar i Bjørnafjorden kan søkje om for å skifte ut eldre, ikkje-reintbrennande eldstader.

Vrakpanten er på kr 5000,- per eldstad.

Tilbodet er eit verkemiddel for å bidra til betre luftkvalitet og auka branntryggleik.
Ordninga blir handtert av Bjørnafjorden brann og redning. Søknader blir behandla fortløpande.

Kven er dette tilbodet til?

Du kan søkje dersom du har:

  • ein eldstad som ikkje er reintbrennande (eldstader som opne peisar, oljefyrte eldstader og ved- og koksomnar installert før 1998).
  • inntekt under 4 G for éin eigar (kr 474 480,-). Inntekt under 7 G for bustad med to eller fleire eigarar (kr 830 340,- Les meir om grunnbeløp (G) på nav.no 
  • eldstader som har blitt skifta ut etter 1. januar 2023. Tilbodet gjeld ikkje installasjon av nye eldstader.

Kva gjer du med den gamle eldstaden?

Du eller montøren kan levere den gamle eldstaden hos miljøparken til BIR. Ta vare på dokumentasjon som du får frå BIR eller/og frå montøren.

Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad, men vi anbefaler deg å bruke kvalifiserte fagfolk til utskifting og installering.
Dette kan vere ein faglært murar eller eldstadmontør/kontrollør med minimum nivå 2 frå Norsk Varmes bransjeskule. Sjå Brannvernforeningen for liste over sertifiserte montørar.

Slik går du fram

  1. Du må byte eldstad før du søkjer om vrakprant. Legg ved dokumentasjon/kvittering frå BIR/montør når du sender inn søknad.
  2. Bruk dette elektroniske søknadsskjemaet: Melding om installasjon av eldstad
    Under "Vedlegg", legg du ved: 
    • Faktura/kvittering på kjøp av den nye, reintbrennande eldstaden.
    • Kvittering frå BIR eller faktura/kvittering frå montøren på at den gamle eldstaden har blitt fjerna/levert inn.
    • Gjeldande skattemelding for alle eigarar av bustaden. Skattemeldinga di finn du på skatteetaten.no 

Er inntekta di endra sidan gjeldande skattemelding? I så fall kan du òg sende dokumentasjon på dette. For eksempel tre siste lønnsslippar eller dokumentasjon på ytingar frå NAV.

Om du har faktura/kvitteringar på papir, kan du ta eit bilete med mobilen og legge ved.

Kontakt

Ana Monica Johnsen
Spesialkonsulent
Mobil: 90524318