Velferdsteknologi - smarte løysingar for eit godt og sjølvstendig livKva er eigentleg velferdsteknologi?Velferdsteknologi er namnet vi brukar på teknologi som skal gjere det enklare og tryggare for oss å klare oss sjølve i kvardagen, trass i sjukdom eller andre fysiske eller psykiske utfordringar. Velferdsteknologi er eitt av mange tilbod som helse- og velferdstenesta i kommunen gir til innbyggarar i alle aldersgrupper.Målet med å ta i bruk velferdsteknologi er at du skal kjenne deg trygg, klare deg sjølv og bu lengre heime.Kva kan du søkje om?Tryggleiksalarm tilknytt responssenterRøykvarslar tilknytt responssenterUlike sensorar knytt til tryggleiksalarmen, til dømes trekksnor på vegg eller dørensorTryggleiksalarm med GPS-lokaliseringsteknologi, til deg som har begynnande kognitiv svikt/demenssjukdom. Du kan utløyse alarmen sjølv, eller alarmen kan gå når du beveger deg ut av eit førehandsdefinert områdeElektronisk medisindispenser som gir beskjed når du skal ta medisinen din og sender varsel om du har gløymt å ta hanTilbodet er til deg somkjenner deg utrygg i heimenhar nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne, til dømes nedsett hørsel eller synopplever kognitiv svikthar hatt fall eller er redd for å falleSlik søkjer duFyll ut digitalt skjema: Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)eller skriv ut papirskjema: søknadsskjema for helse- og velferdstenester (DOCX, 63 kB)Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmaktSkriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmaktKva skjer vidare med søknaden?Kva kostar tenesta?Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden. Sist endra 20.03.2024 14:23