Informasjon om journalføring, innsynsrett, SYSVAK og overføring av journal

Om journalføring

Helsestasjonen har plikt til å føre journal med helseopplysningar. Vi skriv i journalen det vi som helsepersonell pliktar å nedteikne, og det vi ut frå ei fagleg forsvarleg vurdering finn nødvendig og hensiktsmessig. Journalen skal i hovudsak bidra til kvalitet og kontinuitet i behandlinga, slik at barnet får best mogleg oppfølging på helsestasjonen. I sped- og småbarnsalderen, og så lenge det er naturleg, er det dei føresette som ivaretar rettane til barnet som brukar av helsestasjonen.

Om innsynsrett, overføring av journal og registrering i SYSVAK

Innsynsrett

Føresette har som hovudregel rett til innsyn i samtlege opplysningar som omhandlar barnet. De har òg rett til kopi av desse opplysningene. Ved utskrift/innsyn av journal får de tilbod om å lese gjennom dokumenta saman med ein fagperson.

Overføring av journal

Hovudregelen er at journalen skal overførast til ny helsestasjon ved flytting for å sikre fagleg forsvarleg oppfølging. Dersom de har spørsmål i samband med overføring av journal, kan de ta dette opp med helsestasjonen før de flyttar.

Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK

Alle vaksinar som barnet får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, blir registrerte i SYSVAK. Formålet med registeret er å halde oversikt over vaksinasjonsstatus hos kvart enkelt barn, og å følge med på vaksinasjonsdekninga på landsbasis. Det er ikkje høve til å reservere seg mot registrering av vaksinasjon. 

Til toppen