Ung Arena er ein sosial møtestad. Vi har òg eit samtaletilbod, om du ønskjer det.
Tilbodet er gratis, og alle som jobbar her har teieplikt.
Du er alltid velkommen, uansett grunn!
- Ung Arena skal vere stress-, press- og rusfritt og ein trygg plass kor du kan møte andre, og få hjelp om du treng det.
- Vi kan hjelpe deg med konkrete oppgåver og utfordringar, som for eksempel jobbsøking, skulegang, personleg økonomi og samtalar rundt ulike tema.
- Eit ungdomspanel er med i planlegginga og utforminga av Ung Arena, og har ei sentral rolle i den vidare utviklinga av tilbodet.
Opningstider og aktivitetar
Måndag kl.14.30-18: Ung Arena for VGS-alder til 23 år
Onsdag kl.14.30-18: Ung Arena for ungdomsskulealder
Torsdag kl. 14.30-16.30: Helsestasjon for ungdom (13-23 år). Inngang på oppsida av bygget, mot skuleplassen. Stengt i skuleferiar.
Onsdag kl.15-17: Aktivitet i gymsalen på Os Aktiv i samarbeid med INTRO DM (13-23 år)
Følg oss gjerne på Facebook og Instagram (ungarenabjornafjorden)
Her finn du oss
Ung Arena held til i nye, fine lokale i 2. etasje på Os Aktiv i Oshaugen 2, 5200 Os (ved Os ungdomsskule).
Kven kan du treffe på Ung Arena?
På Ung Arena treff du personar som jobbar i Ungdomsteamet, frivillige vaksne og iblant andre vaksne frå andre tenester i kommunen som du kan snakke med og som kan hjelpe deg om du ønskjer det. Dersom du ønsker kontakt med andre fagtenester eller fagpersonar, for eksempel barneverntenesta, ruskonsulent, familieteamet, NAV helsesjukepleiar, for å nemne nokre, kan du få hjelp til å komme i kontakt med desse.
Vil du vite meir om Ungdomsteamet?