Kurs i kognitiv åtferdsterapi - lær om psykisk helse og få verktøy til å møte livets opp- og nedturar

Dette er eit innføringskurs i kognitiv åtferdsterapi og psykisk helse som går over fem tysdagar. Kurset vil ha ulike tema kvar gong.
Mellom kursdagane er det lagt opp til at du skal jobbe med ulike tema sjølv. For å ha best mogleg effekt av tilbodet er det viktig med eigeninnsats og at du har kapasitet til å arbeide med verktøya i kvardagen din.

Tid og stad

Tysdagar, kl. 14.30-16.30
Lunsjrommet i Dragesetbygget, Torggata 2, i Os sentrum.

Kurshaldarar: Hildegunn Breivik og Maren M. Assev

Kursdatoar vår 2023

18. april: Psykisk helse og kognitiv åtferdsterapi 

25. april: Depresjon 

2. mai: Angst 

23. mai: Stress og belastningar 

30. mai: Sjølvkjensle

Er dette kurset aktuelt for deg?

Send ein e-post med namn og telefonnummer til rask.psykisk.helsehjelp@bjornafjorden.kommune.no 
Vi tar kontakt med deg for ein kartleggingssamtale. 

NB! Ikkje skriv sensitive opplysningar i e-posten, til dømes omfattande forklaring på kvifor du søker hjelp eller tidlegare sjukdomshistorie.