Innsatsteam mot krenking/mobbing i barnehage og skule i Bjørnafjorden kommune

Innsatsteamet mot krenking/mobbing i barnehage og skule kan hjelpa barn/elevar, føresette, barnehagar og skular i spesielt krevjande saker der barn og unge opplever alvorlege krenkingar som mobbing, diskriminering og rasisme.

Kva gjer innsatsteamet?

Innsatsteamet kan behandla saker der føresette og barn opplever at barnehagen eller skulen ikkje tar tak i problema eller ikkje gjer nok. Innsatsteamet kan òg hjelpa dersom barnehagen/skulen si leiing opplever at tilsette ikkje greier å løysa saka eller der dei ordinære tiltaka ikkje har hatt ønskt effekt.

Desse er med i innsatsteamet mot mobbing

  • Fagsjef for skule og barnehage Per Olav Sørås
  • Inspektør ved Os ungdomsskule Therese Johnsen
  • Lærar Steinar Haugland
  • Barnehagestyrar Tone Fjeldstad
  • Helsesøster Marita Måge

Kven kan melda frå?

Barn, føresette, barnehagar og skular kan melda saker direkte til innsatsteamet. Tilsette som har direkte kontakt med barna det gjeld, kan òg melda frå, dersom dei opplever at barnehagen eller skulen ikkje tar ei mobbesak på alvor.

Slik melder du frå til innsatsteamet

Du kan senda e-post, SMS eller ringa til telefon 916 54 094.

Kontakt

Irene Kvåle Foer
Fagsjef kommunale barnehagar
Mobil: 917 57 972
Til toppen