Har du spørsmål til fakturaen for kommunale gebyr?


Fransisco Munoz / Os kommune Gebyret for vatn og avløp er delt inn i abonnementsgebyr og forbruksgebyr. Abonnementsgebyret er likt for alle bustader. Forbruksgebyret varierer ut frå storleiken på bustaden din. Dersom du har vassmålar, blir forbruksgebyret berekna etter målt forbruk.
Meiner du vi har feil opplysningar om bruksarealet i bustaden din? Les korleis du går fram i denne artikkelen

17. desember 2019 blei det første gebyrregulativet for Bjørnafjorden kommune vedteke. Det medfører nokre endringar i korleis fakturaen for kommunale gebyr ser ut.

Nytt for deg som bur i tidlegare Os kommune

Forbruksgebyret for vatn og avløp blir no berekna ut frå ein pris per m2

Tidlegare var det delt inn i tre gebyrsatsar (0-110 m2, 111-175 m2 og over 175 m2). Gebyret blir rekna ut frå bruksarealet (BRA) for bustaden din. Talet blir henta frå matrikkelen, som er det offisielle eigedomsregisteret i Noreg.

Dersom du har vassmålar, blir forbruksgebyret berekna etter målt forbruk. Her kan du lese meir om vassmålar.

Kva blir rekna som bruksareal? 

Bruksarealet er det arealet som blei registrert i det nasjonale eigedomsregisteret i Noreg (matrikkelen) på bakgrunn av innsendte byggeteikningar då huset blei bygd. Alt areal med veggar, røyr og leidningar, sjakter, søyler, innreiingseingingar og liknande innanfor brukseininga (NS 3940)

Sjå Byggteknisk forskrift, TEK 17, §5-4, som viser til korleis bruksareal skal reknast. (PDF, 956 kB)

Meiner du at bruksarealet er feil?

Talet blir henta frå matrikkelen, som er det offisielle eigedomsregisteret i Noreg. Meiner du bruksarealet som ligg til grunn for fakturaen er feil eller har du andre spørsmål om det registrerte arealet?

Slik går du fram:

  • Kontakt byggesaksavdelinga på e-post: byggesak@bjornafjorden.kommune.no 
  • Oppgi adresse, gards- og bruksnummer og kva du meiner er feil/skal endrast. Dersom du har godkjente byggeteikningar, er det fint om du legg dei ved.
  • Byggesaksavdelinga undersøker saka di og gir deg tilbakemelding om arealet er feil eller ikkje. Dersom det viser seg at det er feil bruksareal i matrikkelen, rettar vi opp i dette og sender melding til Teknisk drift om rett areal.

Døme:

Slik blir gebyret for ein bustad på 150 m2, kopla til offentleg vatn og avløp

 

Abonnement vatn

 

  2132

Abonnement avløp

 

  3965

Vassgebyr kvm

150 m2 x 14,47 kr

  2170,50

Avløpsgebyr kvm

150 m2 x 27,82 kr

  4173

SUM eks mva

 

12 440

     

SUM inkl mva

 

15 550

Nytt for deg som bur i tidlegare Fusa kommune

  • Betalingsfristane blir endra. Du mottek faktura fire gongar i året, med forfall 31. mars, 30. juni, 30. september og 31. desember.
  • Alle gebyr er no fordelt likt utover terminane, slik at du får same beløpet på kvar faktura.
  • Dersom du har vassmålar, vil du no bli fakturert akonto. Dette betyr at du betalar eit stipulert gebyr kvar termin, basert på tidlegare forbruk. I desember les du av målaren, og på første faktura året etter får du eit oppgjer der akontobeløpet blir trekt frå målt forbruk, og du betalar mellomlegget dersom du har brukt meir enn akonto. Har du brukt mindre, blir dette trekt frå på fakturaen din.
  • Du kan no velje å bli fakturert kvar månad i staden for fire gongar i året. Her kan du lese meir og  bestille månadleg faktura.

Her finn du alle kommunale gebyr og satsar. (PDF, 270 kB)

Har du generelle spørsmål om kommunale gebyr?

Send oss gjerne ein e-post.