TryggleiksalarmTryggleiksalarm er ein alarm som eldre, funksjonshemma og sjuke ber på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar heile døgnet. Alarmen kan vere ein knapp som er festa på handleddet eller rundt halsen. Ved tap av denne og den må du betale ein eigenandel på 500 kroner.Slik fungerer tryggleiksalarmenTryggleiksalarmen er knytt til ein vaktsentral, som gir beskjed vidare til heimesjukepleia. Vaktsentralen eller personell frå kommunen rykker ut heile døgnet dersom alarmen går.For at heimesjukepleia skal kome inn i heimen din når du utløyser alarm, må det monterast nøkkelboks på ytterveggen din som skal innehalde nøkkel til ytterdøra di. Dette må du kjøpe sjølv.Heimesjukepleia må få koden til nøkkelboksen. Vi treng og bistand frå deg eller dine pårørande i forhold til plassering og montering. Alarmen vil ikkje være aktiv før det er nøkkel i nøkkelboksen.Slik søkjer du om tryggleiksalarmFyll ut digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)eller bruk PDF-skjema Søknadsskjema for helse og omsorgstenester - pdf (DOCX, 63 kB)Skriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmaktDet er ingen søknadsfrist. Vi behandlar søknader etter kvart som dei kjem inn. Kva skjer vidare med søknaden?Kven kan søkje om tryggleiksalarm?Personar som har auka risiko for fall, grunna redusert helse eller funksjonshemming.Kva kostar tenesta?Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden. Sist endra 10.01.2024 11:08