Slik vaksinerer vi mot influensa

Bjørnafjorden kommune ventar å få inn influensavaksinane i løpet av veke 42. Kommunen tilrår at personar over 65 år og dei som er i andre risikogrupper for alvorleg influensasjukdom tar ein oppdatert influensavaksine kvar haust. Det same gjeld for nokre andre målgrupper.

Kven er i risikogruppene?

  • Alle frå 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester som har annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
    • Diabetes type 1 og diabetes type 2
    • Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høg blodtrykk), leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • Nedsett immunforsvar
    • Svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks over 40)
    • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa

Andre målgrupper for influensavaksine

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesten med nær pasientkontakt
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl. 

Vaksinering hos fastlege

Dersom du er anbefalt å ta vaksinen, kan du kontakte fastlegen din. Ettersom risikogruppene for alvorleg influensa- og koronasjukdom overlappar, vil dei fleste kunne bestille dobbelvaksinering (samvaksinering) for begge vaksinar. Eit unntak er barn/unge, der koronavaksinen (eller samvaksinering) berre blir gitt til dei med alvorleg grunnsjukdom.

Vaksinering av barn og gravide

Ta kontakt med fastlegen. For barn under 12 år med alvorleg grunnsjukdom tilbydast samvaksinering (samtideg koronavaksine) på dei to kommunale legekontor, Osøyro legesenter og Eikelandsosen legekontor.  

Vaksinering på apotek

Har du ikkje fastlege i kommunen eller tilhøyrar du ikkje risikogruppene, kan du få influensavaksinen på apotek. Nokre apotek tilbyr også samvaksinering med koronavaksine.    

Vaksinering av helsepersonell

Tilsette i helse- og omsorgstenesten får influensavaksinen som regel ved arbeidsstaden. Eigen informasjon gis internt.

Pris

Frå 250 kroner, avhengig av kven som gir vaksinen og kven som får. Personar i risikogrupper får influensavaksine til redusert pris, medan koronavaksine er gratis til risikogruppene. Ved samvaksinering betalar du altså berre for influensavaksinering.

Behov for pneumokokkvaksine?

Personar over 65 år og personar med immunsvikt tilhøyrer risikogrupper for alvorleg pneumokokksjukdom. Dei bør ta pneumokokkvaksine kvar 6. år.  Ved behov for pneumokokkvaksine, kontakt fastlegen din.

Det er òg mogleg å gi pneumokokkvaksine samtideg med influensa- og koronavaksine (samvaksinering), men då bør pneumokokkvaksine og koronavaksine blir gitt i kvar sin arm.

Meir informasjon

Vaksiner og vaksinasjon - Helsenorge

Ta koronavaksine – Bjørnafjorden kommune