Ta koronavaksine

Folkehelseinstituttet anbefaler ikkje lenger grunnvaksinering mot koronasjukdom, med unntak av til immunsupprimerte personar i alderen 5 til 64 år og barn med alvorleg grunnsjukdom i alderen 6 månader til 4 år.

Personar i risikogrupper blir framleis anbefalt ein ny oppfriskingsdose før vintersesongen 2024-2025.

Oppfriskingsdosen mot korona kan gis samtidig med influensavaksine (samvaksinering). Viss du tilhøyrer ei risikogruppe, får du koronavaksinen gratis.

Bjørnafjorden kommune sender ikkje innkalling til vaksinering. Du må sjølv bestille time.

Slik kan du få koronavaksine frå mars 2025:

Bestill vaksine hos dei to kommunale legekontora

Ta kontakt med dei to kommunale legekontora: Osøyro legesenter på telefon 56 57 00 20 eller Eikelandsosen legekontor på telefon 56 58 02 90

Desse gruppene er anbefalt å ta vaksine:

  • 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • 18–64 år som tilhøyrer ei risikogruppe
  • 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • 6 månader–11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering
  • Gravide i 2. og 3. trimester

Dersom du tilhøyrer ei av gruppene over, anbefaler FHI deg å ta ein ny oppfriskningsdose før vintersesongen 2024-2025.

Les meir om vaksineanbefalingar og risikogrupper på fhi.no 

Har du spørsmål om koronavaksine?

Svar på dei fleste koronaspørsmål finn du på helsenorge.no/koronavirus

Les meir om koronavaksine på Folkehelseinstituttet sine nettsider