Saksgang og klagerett
Når vi har mottatt søknaden, tar vi kontakt for å få fleire opplysningar og avtale eventuelt heimebesøk. Når vi har fatta vedtak, vil du få ei skriftleg tilbakemelding.
Du kan klage på vedtaket. Dersom vi ikkje kan behandle søknaden din innan 14 dagar, vil du få beskjed om når søknaden vil bli behandla.
Samtykke og teieplikt
Berre dei personane som skal hjelpe deg, får tilgang til opplysningane dei treng for å kunne utføre arbeidet sitt. Ingen andre kan få informasjon dersom du ikkje har gitt samtykke til det. Alle tilsette i Bjørnafjorden kommune har teieplikt.
Innsynsrett
Du har rett til innsyn i journalen din, slik at du kan følge med på om du har mottatt dei nødvendige tenestene, i tråd med vedtak og planar. Du har rett til å få informasjon om kva for opplysningar vi lagrar om deg.
Eigenbetaling
Dersom du søker om tenester som kommunen krev betaling for, vil vi hente inn nødvendige opplysningar om inntekta di, og eventuelt ektefelle/registrert partnar/sambuar si inntekt frå Skatteetaten og NAV.
Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR)
Dersom du søker om eller tar i mot helse- og omsorgstenester i kommunen din, blir det registrert opplysingar om deg og behovet du har for hjelp.
Desse opplysingane er ein del av journalen din og er konfidensielle. Berre dei som treng det i arbeidet sitt skal ha tilgang til opplysingane, og dei har teieplikt.
Nokre av opplysingane blir registrerte etter ein eigen standard (IPLOS) og sendt til kommunalt pasient- og brukarregister (KPR).