Klage på helse- og omsorgstenester

Grunnlag for klage kan vere at du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, at det er tilhøve ved tenesta som du ikkje er fornøgd med eller at saksbehandlinga har manglar.

Klage på vedtaket

Dersom du har fått avslag på ei helseteneste du meiner å ha rett på, kan du klage. Send skriftleg klage til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen eller via digitalt skjema

Vi går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast. Dersom vedtaket ikkje blir endra, sender vi automatisk klagen vidare til statsforvaltaren i Vestland (tidlegare fylkesmannen), som avgjer saka.

Klage på tenesta

Dersom du er misnøgd med ei helseteneste du får, bør du først ta munnleg eller skriftleg kontakt med den avdelinga som leverer tenesta, til dømes leiinga ved ein sjukeheim. Ver tydeleg på kva du er misnøgd med og kva du ønskjer endra.

Du kan også sende inn skriftleg klage

Dersom klagen ikkje fører fram, sender kommunen saka vidare til statsforvaltaren, som gjer ei vurdering av saka.
Les meir om klagegangen hos statsforvaltaren

Får du medhald i klagen, kan statsforvaltaren starte ei tilsynssak. Dersom tilsynet avdekker feil, må desse utbetrast.
Får du ikkje medhald frå statsforvaltaren, er det mogeleg å klage vidare til Sivilombodsmannen.

Klagefrist

Innan tre veker frå du mottok vedtaket.

Treng du hjelp til å klage?

Ta kontakt med ansvarleg eining/avdeling. Ansvarleg person skal alltid vere oppgitt på tenesteinformasjon på nettsidene. Ta kontakt med Bjørnafjorden kommune på telefon 56 57 50 00 dersom du lurer på kven du skal ta kontakt med.

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072