Høyringsutkast: retningslinjer for kommunens tildeling av NMSK-tilskot i Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger kommune 2025-2029

Frist for å kome med merknader og innspel: 1. september 2025.

Saksnummer: 24/2510

Bjørnafjorden landbrukskontor har eit utkast til nye retningslinjer for tildeling av tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) for perioden 2025–2029 på høyring. Retningslinjene er utarbeidd på vegne av kommunane Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger.

Formålet med retningslinjene er å styrkje innsatsen for ei berekraftig og framtidsretta forvaltning av skogressursane i våre tre kommunar. Dei tek omsyn til både miljømessige og økonomiske mål, og inneheld justerte satsar og prioriteringar for ulike tiltak, som planting, ungskogpleie, tynning og førebygging mot hjorteskadar. 

Vi ønskjer med dette å invitere til innspel frå aktørar i skogbruket, organisasjonar, fagmiljø og andre interesserte.

Les høyringsutkastet: Høyringsutkast – retningslinjer for tildeling av NMSK-tilskot 2025–2029

Slik kan du gi innspel

Send innspel på e-post 

eller per post til: 

Bjørnafjorden landbrukskontor, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen 

Merk sendinga med: Høyring – NMSK 2025–2029.

Har du spørsmål til innhaldet i retningslinjene, kan du ta kontakt med Michal Westfal på e-post