Kontrollutvalet

Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar og minimum eit av desse må vera medlem av kommunestyret. Leiar i utvalet kan ikkje vera medlem av same parti eller tilhøyre same gruppe som ordførar. Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval.

Utvalet er heimla i kommunelova kapittel 23 og forskrift om kontrollutvalg og revisjon kapittel 1

Kontrollutvalet har normalt 7 - 8 ordinære møter i året. Møta er opne for publikum. Møteplan, sakspapir/protokoll for kontrollutvalet finn du her. 

Kontrollutvalet har følgjande faste medlemer:

  • Richard Markhus (Ap)  - leiar
  • Thorstein Skårnes (Frp) - nestleiar
  • Malin Nøss Vangsnes (MDG)
  • Lin Cathrin Brunborg Anthun (H)
  • Helge Andersen (Sp)

E-post til kontrollutvalet kan sendast til leiar Richard Markhus: richard@sevareid.no med kopi til sekretariat for Bjørnafjorden kontrollutval: firmapost@asjord.no

Oppgåver

Kontrollutvalet skal føre tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og politiske vedtak.

Til hjelp i dette arbeidet får kontrollutvalet utført:

  • rekneskapsrevisjon
  • forvaltningsrevisjon av verksemda i kommunen og av verksemda i selskap kommunen har eigarinteresser i
  • eigarskapskontroll av selskap kommunen har eigarinteresser i
  • andre kontroll- og tilsynsoppgåver ved bestillingar til den valde revisor.

Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.
Kontrollutvalet rapporterer resultatet av sitt arbeid til kommunestyret.

Som innbyggar i kommunen kan du kontakte kontrollutvalet dersom du har generelle innspel eller tips om meir konkrete og moglege kritikkverdige forhold som tema og områder for kontroll eller revisjon. 

Det vert likevel gjort merksam på at det i hovudsak er utanfor kontrollutvalet sitt mandat og reglement å behandle førespurnader som m.a. gjeld enkeltsaker, klagesaker, saker som er til behandling i rettsapparatet, usemje i politiske vedtak eller varsel etter Arbeidsmiljølova kap. 2a. 

Vi gjer deg også merksam på at kontrollutvalet berre har plikt til å behandle dei saker som kommunestyret ber dei om, eller der det går fram av kommunelova kapittel 23 og 24. Når det gjeld førespurnader frå andre enn kommunestyret, må kontrollutvalet sjølve vurdere om dei vil prioritere å sjå nærare på det førespurnaden tek opp.

Vi gjer også merksam på at kontrollutvalet ikkje er eit forvaltningsorgan som fattar enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Personar som kontaktar kontrollutvalet er
ikkje å rekne som part i ei eventuell etterfølgjande kontrollsak. Det vil derfor ikkje vere klagerett på vedtak gjort av kontrollutvalet, eller andre partsrettar etter forvaltningslova § 28 knytt til vedtak gjort av utvalet.

Reglement for kontrollutvalet i Bjørnafjorden kommune som du finn her - sjå side 26.

Den valde revisor

Bjørnafjorden kommune har inngått avtale med BDO AS om kjøp av revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Sekretariat for kontrollutvalet

Bjørnafjorden kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariat for kontrollutvalet.  
Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Dei pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg.

Viktige lenker: