Bemanningssentralen: Fleksibel tryggleik for tilsette, brukarar og arbeidsgivarar

Sjukepleiar Rasma Jatkauskiene var ein av dei først tilsette i Bemanningssentralen i Bjørnafjorden kommune. Erfaringane er så positive at sentralen no blir utvida med fleire tilsette. - Ved å jobbe ved fleire ulike avdelingar, får eg brei erfaring og eit heilt anna overblikk enn dersom eg jobba ved berre éi avdeling, seier Jatkauskiene.Målet med ein bemanningssentral er at færre, faste, faglærte personar skal ta ekstravaktene i tenestene våre. 

Slik fyller vi opp stillingar, gjer arbeidssituasjonen meir føreseieleg for dei tilsette og sikrar at brukarane møter kjende andlet. Betre kvalitet, rett og slett.
Bemanningssentralen i Bjørnafjorden startar opp innan pleie og omsorg, men planen er at det på sikt skal vere ei løysing for alle tenesteområde i kommunen vår.

Skal løyse mange utfordringar

Anne Breivik Halhjem er prosjektleiar for Bemanningssentralen i Bjørnafjorden kommune.
Prosjektet er no "i pilot 2", som det heiter. Det betyr at ein alt har testa bemanningsmetoden ved utvalde avdelingar på Luranetunet bu- og behandlingssenter, og no skal utvide ved å lyse ut 12 stillingar i Bemanningssentralen, fordelte på tre grupper ved Luranetunet og ei gruppe ved Fusa bu- og behandlingssenter.

Er du sjukepleiar eller helsefagarbeidar og har lyst til å vere med å utvikle pleie- og omsorgstenestene våre?
Vi har ledig 100 % faste stillingar for seks sjukepleiarar og seks helsefagarbeidarar i Bemanningssentralen i Bjørnafjorden kommune. 

Les meir og søk

Anne Breivik Halhjem er prosjektleiar og avdelingsleiar for Bemanningssentralen i Bjørnafjorden kommune.Uønskt bruk av overtid og ufaglærte, mange vikarar, manglande samarbeid mellom avdelingar, gap mellom planlagt bemanning og faktisk behov og tidkrevjande turnusplanlegging, er hovudutfordringane Bemanningssentralen skal løyse.

Færre, men faglærte

- Ekstravaktene på Luranetunet har tradisjonelt vore fordelte på mange ulike vikarar, som er inne i kortare eller lengre tid på ulike avdelingar. Ved å fordele desse ekstravaktene på færre og faglærte personar, ønskjer vi å oppnå både meir robuste tenester, fleire heiltidsstillingar, ein trygg og føreseieleg arbeidsdag for dei tilsette og kjende andlet for bebuarane. Ikkje minst gir dette dei som fyller ekstravaktene ei viktig kjensle av å høyre til på dei ulike avdelingane - å bli sett på som ein kollega og ein ressurs, ikkje "berre" ein vikar som tilfeldigvis er innom, seier Anne Breivik Halhjem. 

Variasjon og fagleg utvikling

Dei tilsette i Bemanningssentralen har ein fast turnus, men arbeidsstaden kan variere mellom fleire avdelingar. Sjukepleiar Rasma Jatkauskiene begynte i Bemanningssentralen i 80 % stilling i november i fjor. Ho har tidlegare vore tilsett ved Buavdelinga, og kom tilbake til Luranetunet via Bemanningssentralen etter ein periode ved legevakta. For henne var moglegheita for variasjon og fagleg utvikling det som lokka ved denne måten å jobbe på:

- Ved å jobbe ved fleire ulike avdelingar, får eg brei erfaring og eit heilt anna overblikk enn dersom eg jobba ved berre éi avdeling, seier Jatkauskiene.

Rasma Jatkauskiene stortrivst med å veksle mellom avdelingane og bli kjend med fleire kollegaer og bebuarar.- Blir ein betre sjukepleiar

- Rehabiliteringsavdelinga er eit "mini-sjukehus", med stor variasjon i oppgåver og sjukdomar. Det synest eg er spennande og lærerikt. Eg er veldig engasjert i jobben min, og stortrivst med å veksle mellom dei ulike avdelingane og bli kjend med fleire kollegaer og bebuarar. Eg blir rett og slett ein betre sjukepleiar ved å jobbe på denne måten, seier ho.
- Eg får innblikk i ulike rutinar og arbeidsmåtar, slik at eg kan seie noko om kva som fungerer eller ikkje fungerer. I tillegg blir tilbakemeldingane mine høyrde og verdsette av leiarane mine, og eg føler at eg har stor påverknad på jobben og arbeidsstaden min, seier Jatkauskiene.

- Sosialt og spennande

Jan Helge Knudsen har ein knapp månads fartstid som hjelpepleiar i Bemanningssentralen, men har allereie eit positivt inntrykk:

- Eg får mykje erfaring frå ulike brukargrupper ved å veksle mellom avdelingar. Det er spennande å jobbe på denne måten- og ikkje minst blir ein kjend med mykje folk, seier han.
- Eg får stadig nye utfordringar og lærer noko heile tida. Det er fint å ha fast turnus, utan å nødvendigvis gro fast på éin stad, seier Knudsen.

Jan Helge Knudsen er hjepepleiar i Bemanningssentralen, og synest det er både spennande og sosialt å jobbe ved fleire avdelingar.Vegen vidare

Tre avdelingar på Luranetunet har vore med i pilotprosjektet: Rehabiliteringsavdelinga, Fjordheim og Buavdeling 2. Pilotprosjektet starta opp 1. november og har fram til no tilsett tre ufaglærte i 100 % og 80 % stilling, ein helsefagarbeidar i 100 % og ein sjukepleiar i 80 %. Desse er i full sving rundt på dei tre avdelingane. 

- Målet med pilotprosjektet er å finne ut kva for løysingar som fungerer og kva vi må jobbe vidare med. Erfaringane så langt er gode, og vi gler oss over å ta neste steg når vi no tilsett endå fleire, seier Breivik Halhjem.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bemanningssentralen i Bjørnafjorden kommune

Kva er ein bemanningssentral?

Ein ressursbank med kvalifisert personale som kan dekke behovet for ekstravakter – i første omgang innan pleie og omsorg – på sikt alle tenesteområde i kommunen.
Fleire kommunar har oppretta bemanningssentralar. Mellom anna Alver kommune, som Bjørnafjorden-prosjektet har tett kontakt med.

Mål

  • Å gjere tenestene våre meir robuste, både når det gjeld rekruttering og utvikling av fagkompetanse.
  • Å bidra til heiltidskultur - å gi den tilsette ein trygg og føreseieleg arbeidsdag, sjølv om arbeidsoppgåvene er varierte.
  • Auka kvalitet i tenestene våre gjennom god opplæring og fagleg påfyll.
  • Ei kjensle av "å høyre til" på alle avdelingane ein er innom – å bli sett på som ein kollega og ein ressurs, ikkje som "berre" ein vikar.

Korleis blir Bemanningssentralen finansiert?

Kostnadane ved tilsetting i faste stillingar blir dekte av midlar til vikar, ekstravakt og overtid ved avdelingane der tilsette frå Bemanningssentralen blir brukte. I utgangspunktet er dette stillingar som ikkje vil generere ekstra utgifter.

Aktuelt

Bemanningssentralen i Bjørnafjorden kommune er i "pilot 2-fase" og lyser no ut 12 stillingar fordelte på tre grupper ved Luranetunet og ei gruppe ved Fusa bu- og behandlingssenter.