Bli med på årets viktigaste søndagstur!

Søndag 19. oktober er det TV-aksjon. Årets innsamling går til Atlas-alliansen, og skal opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Saman skal vi gi naudhjelp, utdanning og muligheten til eit betre liv. Vil du vere bøsseberar?

Treng 150 bøsseberarar

- For å dekke heile Bjørnafjorden treng vi om lag 150 bøsseberarar.  Vi håpar mange vil vere med og gå med bøsse, seier Stine Kobbeltvedt, dagleg leiar for Os frivilligsentral. Os frivilligsentral koordinerer på Os-sida, medan Fusa frivilligsentral koordinerer på Fusa-sida. 
Fleire av bufellesskapa og Stjernelaget til Os handball har sagt ja til å gå med bøsse. Det er veldig flott! 

tvaksjonen.no kan du enkelt registrere deg som bøsseberar. 

Støtt skuleløp!

Dei siste åra har skuleelevar i Bjørnafjorden sprunge milevis til inntekt for TV-aksjonen. Også i år har fleire skular meldt at dei skal arrangere skuleløp. Viss du ikkje får bøsseberarar på døra, kan du støtte spleisen til skulen i nærområdet ditt.

Sjå kva pengane frå årets TV-aksjon går til.