Elevar frå Lunde til fylkesfinalen

Elevar frå Lunde viste korleis framtidige buområder bør byggast basert på berekraft for miljø og menneskje og korleis hindra einsemd. Med det vann dei kommunefinalen i Ungt Entreprenørskap.

Torsdag blei kommunefinalen i Ungt Entreprenørskap for 6. klassingar arrangert i kommuenstyresalen. Til finalen hadde to lag for Lunde og to lag frå Lysekloster kvalifisert seg. I tillegg var Nore Neset kvalifisert, men dei måtte diverre melde forfall.

Elevane hadde fått to problemstillingar dei kunne velje mellom under overskrifta SMARTere teknologi. Ei oppgåve frå TV2 kor elevane skulle komme med ei løysing for å avsløre «fake news» og ei oppgåve frå Proptech Innovation kor elevane skulle fortelje korleis framtidas nabolag ser ut, der ein har nytta teknologi til det beste for menneskje og miljø.

Elevane frå Lunde hadde vald oppgåva frå Proptech og viste seg å vere gode, visjonære byplanleggarar kor dei nytta sol og vind for å skape energi og smarte løysingar for bygg og infrastruktur for å lage berekraftige løysingar.

Transport var i begge dei to gruppene viktige tema. Lunde 2 løyste dette med eit tog som gjekk heile døgnet, kor du kunne trykke på ein knapp, så stoppa det der du ville. Lunde 1 hadde fjerna hjula på bilane og i staden funne ei løysing med howrande bilar som «flaut» oppå bakken (ein draum for kommunalsjefen for samfunnsutvikling sitt slunkne budsjett, som med ei slik løysing ikkje treng bygge vegar eller brøyte dei, journ.mrk).

Begge gruppane frå Lysekloster hadde tatt for seg oppgåva frå TV2 med å avsløre falske nyhende. Dette hadde båe løyst med å utvikla app og teknologi som avslørte og fortalte kva som var sant og usant. Lysekloster 1 hadde i tillegg skissert ein RNB som lyste grønt og vibrerte om noko var sant og som lyste raudt og vibrerte om noko var usant. Løysinga skulle kunne nyttast heilt frå fireårsalderen. Lysekloster 2 satsa i større grad på robotteknologi i tillegg til app.

Juryen beståande av Terje (ordførar), Marie (varaordførar), Synnøve (Bjørnafjorden Næringsråd) og Ida (Sparebanken Vest) fekk ei vanskeleg oppgåve med å skilja finalistane frå kvar andre.

- Vi har mellom anna lagt vekt på forståinga de har vist for faget, berekraft for miljø og menneskje, presentasjonen de gav og korleis de svarte når vi var rundt og spørte, forklarte Terje.

- Så har vi gitt desse kriteria poeng og summert opp. De har alle fått gode scorar, men det er jo slik at det er ein som må bli vinnar og som går vidare til fylkesfinalen 13. mai. Men fordi det var så to ulike oppgåver, så har vi også kåra ein andre plass.

- Andre plassen går til Lysekloster 1, med deira appløysing, og Real News ball, for å skille mellom kva som er rett og galt. Vinnaren har vist stor teknologisk forståing og svarte godt då vi var rundt. Vinnaren er difor Lunde 1, avslørte ordføraren til jubel frå elevane.

Vinnargruppa besto av Trym, Håkon, Jonas, Viktoria, Noa og Lonell, som no får oppgåva med å representere Bjørnafjorden kommune i fylkesfinalen.