Er du i risikogruppa? No hastar det å ta influensavaksine

I samband med jul og nyttår har influensavirus spreidd seg godt i Noreg. Vi ser no ei influensabølgje under utvikling. 
– Det er framleis ikkje for seint å ta influensavaksine, men det begynner å haste, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Slik kan du ta influensavaksine

Ta kontakt med fastlegen. Fastlegane tilbyr vaksinen til risikogrupper til redusert pris. For barn og unge finst det no òg influensavaksine som nasespray.

Risikogrupper:

  • Personar over 65 år 
  • Gravide i 2. og 3. trimester
  • Prematurt fødde barn
  • Barn/vaksne med nedsett immunforsvar eller annan alvorleg eller kronisk sjukdom (t.d. diabetes, lungesjukdom, hjarte-/karsjukdom, leversvikt, nyresvikt).

Andre målgrupper:

  • Tilsette i helse- og omsorgstenester
  • Nærkontaktar til immunsupprimerte pasientar
  • Personar som jobbar med levande grisar eller mistenkt influensasjuke fuglar


Influensavaksinen kan kombinerast med koronavaksine. Peronar i risikogrupper får koronavaksine gratis. 
Sjølv om koronasmitten er låg for tida, ventar vi ein auke seinare i vinter, seier kommuneoverlegen.

Meir informasjon:

Slik vaksinerer vi mot influensa

Ta koronavaksine