Handlingsplan for førebygging av sjølvmord

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune Kvart einaste sjølvmord er ein tragedie for den det gjeld, for familie og venner, og for lokalsamfunnet i
Bjørnafjorden kommune. Den nasjonale handlingsplanen har nullvisjon for sjølvmord i Norge, og legg til
grunn eit verdisyn om at vi som samfunn ikkje har nokon å miste i sjølvmord.

Bjørnafjorden kommune har no vedtatt ein lokal handlingsplan for førebygging av sjølvmord.

Livet som løysing

Nullvisjonen skal bidra til at vi må arbeide meir kunnskapsbasert, systematisk og heilskapleg for å nå målet om å førebygge og redusere talet på sjølvmord.
Handlingsplanen for førebygging av sjølvmord i Bjørnafjorden kommune skal peike på kva vi kan gjere for å førebygge, slik at kommunen vår blir ein god stad å leve for alle - også når livet er vanskeleg og buttar imot. Når livet er tungt og mørkt, håpar vi ingen vel å forlate livet, men heller vel livet som løysing.

Førebygging er eit felles ansvar

For å kunne fange opp medmenneske som slit med sjølvmordstankar tidleg nok, krev det at vi alle viser
kvarandre omsorg og har mot nok til seie ifrå, tilby hjelp og setje ord på bekymring når nokon signaliserer
at dei slit med sjølvmordstankar. Den viktigaste sjølvmordsførebygginga skjer i lokalsamfunnet der vi bur, i
kommunane, og ikkje berre gjennom førebyggingstiltak i helse- og omsorgstenestene.
Sjølvmordsførebygging er derfor eit felles ansvar både for samfunnet og for dei ulike hjelpetenestene.

Les handlingsplanen for førebygging av sjølvmord her. (PDF, 809 kB)