Suvi Nieminen sin skulptur Undine kom på plass i rundkøyringa på Osøyro i 1995, etter mykje debatt.
Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kva rolle har kunsten i kvardagen vår, og kva kan kunsten vere for innbyggarane i tider som kjem? Korleis kan vi jobbe for demokrati og mangfald av uttrykk? Kva rører seg på kunstfeltet i regionen vår - og heilt lokalt?
Bjørnafjorden kommune er godt i gang med å utarbeide ein sektorplan for kultur. Kommunen har søkt og fått midlar til kompetanseheving på kulturfeltet, og vi har derfor gleda av å invitere alle interesserte til seminar om kunst i offentleg rom.
Velkommen til Vargasalen i Oseana fredag 19. september!
Program
Klokka 9-14 Oseana kunst- & kultursenter, Vargasalen
Det blir kaffi og mingling frå klokka 9, seminaret startar 9.30.
- Velkomen ved Erik Vangnes, kultursjef Bjørnafjorden kommune
- Om kunst og samfunn ved Petra Rahm, biletkunstnar og fagansvarleg for kunst i offentleg rom ved Hordaland kunstsenter. Rahm snakkar om kunsten og kunstnarane sine roller og muligheiter i (lokal)samfunnet.
- Kunst som ressurs ved Randi Nygård, biletkunstnar
- Veien til Suling ved Gry Buer, kulturskulerektor Solund kommune
- Os internasjonale skulptursymposium ved Arne Mæland, biletkunstnar
- Innlegg ved Astrid Drageset, biletkunstar
- Kjære Nabo ved Daniela Ramos Arias og Petra Rahm, kuratorar for Hordaland Kunstsenter sitt program med prosjekt i nabolag på Nordnes der innbyggarar og frivillige lag deltar
- Stemmer i stein - kunsten til Bergen inkluderingsenter ved konsulent Espen Johansen, stipendiat Kunst i offentleg rom
- Panelsamtale: Kva er viktig når kommunen skal jobbe fram retninsgliner for kunst i offentleg rom?
Her kan du lese meir om innleiarane
Seminaret er gratis og ope for alle. Det blir servert ein enkel lunsj, derfor treng vi påmelding i forkant.
Ingen grunn til å vente. Meld deg på i dag!
Vel møtt.
Påmelding
Arrangert i samarbeid med Hordaland kunstenter, og med støtte frå KORO

