No kjem uvêret Amy: Sterk vind i vente

Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut varsel om sterk vind på gult og oransje nivå for heile Sør-Noreg, inkludert Bjørnafjorden kommune. Uvêret har fått namnet Amy
Varselet gjeld frå fredag 3. oktober kl. 18 til laurdag 4. oktober kl. 17.

Kartet viser kor det er meldt vind i ulik styrkegrad (gult, oransje og raudt farenivå). varsom.no

Ein liten austleg del av Bjørnafjorden kommune ligg i området for oransje farevarsel, medan gult farevarsel gjeld i resten av kommunen.

  • Kva betyr eigentleg fargane i farevarselet?

    Gult nivå: Ver merksam, vêrsituasjonen er utfordrande.

    Oransje nivå: Ver førebudd, vêrsituasjonen er alvorleg.

    Raudt nivå: Gjennomfør umiddelbare tiltak for å sikre verdiane dine, då vêrsituasjonen har blitt ekstrem når MET sender ut eit ekstremvêrvarsel.
    Kjelde: Meteorologisk institutt (MET)

Kva bør du gjere?

Sikre lause gjenstandar, som hagemøblar, trampoliner og bosspann. Unngå å ferdast på utsette stader medan vinden står på. 
Følg med på veg- og trafikkmeldingar på 175.no 
Vegar og bruer kan bli stengde og ferjer innstilte medan uvêret pågår. 

Sjå heile varselet på varsom.no