Rask og effektiv etablering
Posten Bring har inngått avtale med Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS (BUS) om kjøp av ei 110 mål stor tomt i sørområdet av Lyseparken.
– Etter at Posten Bring tok kontakt med oss i fjor haust, har Bjørnafjorden Utviklingsselskap lagt alt til rette for ei rask og effektiv etablering for Posten Bring i Lyseparken, seier styreleiar i BUS AS, Dag Jarle Aksnes.
Viser kor attraktiv Lyseparken er
– Det har vore ein intens prosess dei siste månadane. Men no er alt på plass, og vi kan ønskje Posten Bring velkommen til Lyseparken, seier dagleg leiar i BUS AS Alf Sognefest.
–Dette viser kor attraktiv Lyseparken er ved nye E39 Os-Bergen, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Terje Søviknes (FrP). Han rosar både Posten Bring og BUS AS for ein profesjonell og effektiv prosess fram mot signering av tomtekjøpet.
300 nye arbeidsplassar
– No gler vi oss til ein like rask og effektiv byggeprosess for regionens største logistikksenter med om lag 300 nye arbeidsplassar i Lyseparken. I Bjørnafjorden kommune har vi eit klart politisk mål om å legge til rette for bustad- og næringsutvikling. Signeringa av Posten Bring syner at vi er på rett veg, og at det no verkeleg losnar for Lyseparken, seier Søviknes.