Vil du vere hamnevert i Os hamn i sommar?
Bjørnafjorden kommune søkjer etter lag og organisasjonar som ønskjer å vere hamnevertar for båt- og bubilgjester i Os hamn i perioden 21. juni-17. august 2025.
Ragnhild Stende Bjaadal
Hamneverten sine oppgåver:
- Kontakt med båtfolk, båtturistar og andre besøkande
- Tips og informasjon knytt til turmål, attraksjonar, fasilitetar, servicetilbod og liknande i kommunen
- Dele ut skriftleg informasjon (og bollar!)
- Kontroll av betalt hamneavgift
- Dialog med kommunen
- Melde frå når reinhald av servicebygg er nødvendig
- Andre relevante oppgåver knytt til båt og bubil
Hamnevertar må vere tilgjengelege to timar per dag.
Kva får hamnevertane betalt?
Laget/organisasjonen som får oppdraget vil motta kr 85 000,- inkl. mva.
Slik søkjer de
- Send ein e-post til kommunalsjef for Samfunnsutvikling, Runar Lunde, runlun@bjornafjorden.kommune.no innan 9. mai 2025.
- Beskriv i e-posten korleis de vil utføre oppdraget, korleis de skal vere tilgjengelege i perioden og eventuelle andre tankar knytt til oppdraget.
Sist endra 29.04.2025 14:59