Store barn - store gleder. Og store utfordringar. Har du lyst til å forstå barnet eller ungdomen ditt betre, slik at de kan få det betre saman? Og møte andre foreldre i same situasjon?
Nettverksgruppa "Foreldre møter foreldre" er eit gratis tilbod til barn/ungdomar og føresette - inkludert middag. Vi tilbyr òg barnepass/aktivitetar for barn, dersom du treng det.
Haustens gruppe er retta mot deg som har store barn - frå 6. trinn og ut ungdomsskulen.
Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune
- Gruppa skal vere ein stad der du kan få støtte og råd i foreldrerolla og møte andre i same situasjon, i samtale med familierettleiar frå Bjørnafjorden kommune, diakon i Os kyrkjelyd og fagpersonar frå andre kommunale tenester.
- Gruppa skal vere eit trygt rom for open samtale, samstundes som vi gir og deler konkrete råd, tips og verktøy til å handtere små og store utfordringar som livet med barn byr på.
Tilbodet er ope for alle foreldre, uavhengig av livssyn, livssituasjon og av om ein mottar tenester frå hjelpeapparatet eller ikkje.
Det kan vere mange årsaker til at ein har lite nettverk eller kjenner at ein strevar litt i foreldrerolla. Kanskje bur du langt unna familie og venner, som elles ville ha vore naturlege å spørje om råd og hjelp.
Kanskje er det andre utfordringar som gjer at du ønskjer og treng ekstra støtte som mor eller far.
- Fantastisk oppleving! Lærerikt og hjelpsamt. Viktig å møte folk som har same utfordringar i kvardagen som meg. Eg fekk støtte og blei forstått, lærte og diskutere opent om alt.
Mor, tidlegare deltakar
Ved å møte andre menneske, snakke ope og dele erfaringar, gleder og bekymringar, kan du både få støtte og vere ei støtte for andre.
Bli med!
Tid og stad
- Måndagar, kl. 16.30-19.
Datoar hausten 2024: 21. oktober, 28. oktober, 4. november, 11. november, 18. november, 25. november og 2. desember. - Tunet kyrkje- og kultursenter, Øyro 49
(Ferje frå Venjaneset kl. 16.10. Retur frå Hatvik kl. 19.50)
Program
- kl. 16.30: Middag
Vi set oss ned saman rundt bordet og et middag i lag. - kl. 17-19 (inkl. pausar): Samtalegruppe for dei vaksne og aktivitetar for barna/ungdomane i nærleiken.
Barna/ungdomane er hjarteleg velkomne til å ete middag. Vaksne aktivitetsleiarar vil vere saman med dei medan vi vaksne snakkar saman. Barna kan leike, og ungdom kan spele bordtennis, brettspel eller gjere lekser.
Vi tar kontakt med alle påmelde i forkant for å avklare eventuelle allergiar og andre omsyn.
Tema
Vi vil ta opp ulike tema kvar gong, til dømes:
- Gleder og utfordringar med å ha store barn og ungdomar i hus
- Å møte følelsar - også dei ubehagelege følelsane
- Å vere foreldre i ei anna tid/annan kultur enn ein sjølv vaks opp i
- Konflikthandtering og kommunikasjon
- Når oppførsel og val bekymrer og utfordrar oss
Du kan også vere med å bestemme kva tema vi skal ta opp.
Gruppeleiarane og fagpersonar frå ulike kommunale tenester (t.d. helsesjukepleiar, ruskonsulent, utekontakten) vil innleie kvar gong. Aller viktigast er samtalen oss i mellom etterpå.
Påmeldingsfrist: 17. oktober 2024
Meld deg på
Kontaktpersonar
Oddveig Klakegg, familierettleiar i Bjørnafjorden kommune
Telefon: 916 54 083
Ingrid Vik, diakon i Os kyrkjelyd
Telefon: 45 05 12 12
Tilbodet er eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune og Os kyrkjelyd, og er finansiert med midlar frå Bufdir.