
Vedtak
Søknad om endringar i detaljreguleringsplan for gnr. 51 bnr. 2 m.fl. Moberg – Fjellanger blir vedteke i samsvar med reviderte føresegn datert 17.06.25 og plankart datert 29.04.25. Plan-id er 4624_20140900. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd.
Om endringane
Hovudendringa i nytt planforslag gjeld endra føremål frå utleigeeiningar (HO) til kombinert føremål; utleigeeiningar, næringsbygg og lagerbygg (KBA). Endringane er skildra i søknaden.
Det er gjort endringar i plankartet og i føresegnene.
Opphaveleg plan la til rette for bustader og utleigeeiningar med tilhøyrande parkering. Reguleringsendringa vidarefører hovudformålet, men opnar i tillegg for næringsbygg og lagerbygg. Endringane gir planen meir fleksibilitet og legg til rette for ulike typar verksemder. Endringa blir vurdert til å vere i samsvar med hovudrammene i gjeldande plan og er i tråd med kommuneplanens arealdel.
Endringa omfattar endring i arealføremål, justert infrastruktur og endringar i byggehøgd og byggegrense. Vi har i vår vurdering lagt vekt på at planen sitt hovudføremål blir vidareført og at føremålet som er lagt til, altså næring og lager er i samsvar med dette.
Vedtaket er avgjort administrativt i samsvar med Bjørnafjorden kommune sitt delegasjonsreglement.
Klage og meir informasjon
For meir informasjon om vedtaket klikk her.
Ein kan klage på vedtaket dersom ein har rettsleg klageinteresse eller er part i saka. Frist for å sende inn klage er 12.08.25. Klagen skal inneholde konkret bakgrunn for klagen og kva ein ynskjer endra. Klagen sendast til post@bjornafjorden.kommune.no.