Vedtak etter forenkla prosess for Nordstrøno 27/52 m.fl. - Endring 5

Plannamn: Bebyggelsesplan Nordstrøno 

Plan-id: 20000502

Arkivsak: 25/19437

Frist for å klage 06.10.25

 

Vedtak
Bjørnafjorden kommune har vedteke endring av reguleringsplan etter forenkla prosess for Bebyggelsesplan Nordstrøno, gnr. 27 bnr. 52 m.fl. (plan-id 4624_20000502).
Vedtaket er gjort i samsvar med reguleringsføresegn revidert 09.07.2025 og plankart revidert 25.08.2025.
Vedtaket har heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd.

Om endringane

Endringa gjeld felta FS3, delar av FS7 og heile B1:

  • Feltet som i dag er regulert til blokk (B1), vert endra til fem einebustader (KS5).
  • FS3 og delar av FS7 vert endra frå sju bustader til 28, ved å leggje til rette for konsentrert bustad (firemannsbustader).
  • Talet for bustader i planen frå 111 til 113.

Endringane er skildra i søknaden, og det er gjort endringar i både plankart og føresegn.

Planen sitt hovudføremål blir vidareført, og endringa er vurdert å vere i samsvar med hovudrammene i gjeldande plan utan å råke omsynet til viktige natur- og friluftsområde.

Vedtaket er avgjort administrativt i samsvar med Bjørnafjorden kommune sitt delegasjonsreglement.

Klage og meir informasjon

For meir informasjon om vedtaket klikk her.

Frist for å sende inn klage er 06.10.25. Klagen skal inneholde konkret bakgrunn for klagen og kva ein ynskjer endra. Klagen sendast til post@bjornafjorden.kommune.no.