Reglar for kommunale småbåthamner

Os småbåthamn: Oselva og Haugsneset

 1.    Bjørnafjorden kommune v/Samferdsel og VA, har tilsyn med småbåthamnene og kjem med tilråding om tildeling av båtplass. Samferdsel og VA gjer òg den endelege tildelinga av båtplass.

2.    Det blir ikkje oppretta venteliste på båtplassane.

3.    Båthamnene skal helst nyttast av motorbåtar.

4.    Framleige av båtplass er ikkje tillate. Utlån av båtplass inntil 3 månader er tillate, men må meldast til Bjørnafjorden kommune v/Samferdsel og VA.

5.    Leigar skal syte for at båten til ei kvar tid er forsvarleg fortøydd og ikkje hindrar ferdsel eller båtfeste for dei andre leigarane. Båten skal vere forsikra til ei kvar tid.

6.    Leigar skal syte for at piren framom eige båtfeste er rein. Det er forbode å kaste avfall, fiskeslo og liknande i hamnebassenget.

7.    Bjørnafjorden kommune er utan ansvar for eventuelle skadar på båtane.

8.    Leigar er ansvarleg for eventuelle skadar på båtplass, og kan bli erstatningspliktig.

9.    Leigar må rette seg etter dei reglar som gjeld til ei kvar tid og finne seg i endringar av desse. Leigar må også rette seg etter pålegg som blir gitt av Bjørnafjorden kommune v/Samferdsel og VA.

10.  Leige er per 2024 kr. 15 000,- per år. Leiga blir justert i desember for påfølgande år, som del av kommunen sitt gebyrregulativ. 

11.  Leigetida følgjer kalenderåret. Gebyret for båtfeste forfell 1. april.

12.  Leigar må oppgi data og registreringsnummer for båten.

13.  Gebyr for kortare tid enn eitt år blir avrunda til nærmaste heile månad.

14.  Oppseiingstid er 3 månadar rekna frå dato for oppseiing, men avrunda til nærmaste heile månad.

15.  Ved misleghald av betaling vil båtplassen kunne bli sagt opp, etter nærmare varsel.

Bjørnafjorden kommune, 16. september 2024