Bjørnafjorden demenskor syng hausten i gang

Demenskoret har hatt fleire flotte konsertar i Oseana. Her frå ein konsert i foajeen i 2023. Os og Fusaposten

27. august startar eit nytt semester med Bjørnafjorden demenskor. 

Både nye og gamle medlemmer er velkomne til øving tysdagar kl. 14-15.30 i Oseana kunst- og kultursenter. Kaffiøkt frå 15.30-16.

Dette er eit tilbod primært for heimebuande personar med demens. Her er songglede, sosialt og musikalsk felleskap i fokus.
Har du lyst å synge i koret vårt? Eller kjenner du nokon dette kunne vore kjekt for? Då håpar vi å høyre frå deg!

Har du spørsmål?

Dersom du treng meir informasjon, ta kontakt med Stine Kobbeltvedt i Os frivilligsentral mobil 94396618, eller demenskoordinatorane Sølvi Bjørnevoll Fagertveit mobil 97477031 og Anne-Siv Skåthun Berge mobil 47508072.