Bjørnafjorden demenskor syng våren i gang!

Tysdag 28. januar 2025 startar eit nytt semester med Bjørnafjorden demenskor. Både nye og gamle medlemmer er velkomne til øving tysdagar kl. 14-15.30 i Oseana kunst- og kultursenter. Etter øvinga er det kaffiøkt frå 15.30-16.

Bjørnafjorden demenskor gjorde stor suksess alt på sin første konsert i Oseana-foajeen. Seinare har koret med gjester hatt tre konsertar i storsalen i Oseana. Full sal og jubel er stas, men det aller kjekkaste er likevel øvingane kvar tysdag. Os og Fusaposten

Dette er eit tilbod primært for personar med kognitiv svikt eller ei demensdiagnose. Her er songglede, sosialt og musikalsk fellesskap i fokus. Har du lyst å synge i koret vårt? Eller kjenner du nokon dette kunne vore kjekt for? Då håpar vi å høyre frå deg!

NB! Du må melde deg på

Det gjeld både nye og gamle kordeltakarar. Det er fordi vi treng å vite kven du er og kven dine næraste pårørande er. Og så vil vi gjerne få vite om nokre songar du likar.

Medan koret har si første øving, samlar vi dei pårørande til ei økt med felles praktisk informasjon. Alle kormedlemmene, både nye og gamle, må derfor ha  med seg ein av sine nære på første korøving.

Har du spørsmål?

Dersom du treng meir informasjon, ta kontakt med 
dirigenten vår Stine Kobbeltvedt i Os frivilligsentral på telefon 94396618

eller demenskoordinatorane Sølvi Bjørnevoll Fagertveit, telefon 97477031 og Anne-Siv Skåthun Berge, telefon 47508072.

Slik melder du deg på

Send ein e-post til Stine Kobbeltvedt: stko@bjornafjorden.kommune.no