Bjørnafjorden har busett flest ukrainske flyktningar i heile Vestland

Myndigheitene har bedt norske kommunar om å busette til saman 35 000 flyktningar i 2022. Bjørnafjorden kommune skal huse 170 av desse. 130 har allereie fått bustad i kommunen vår. Illustrasjonsfoto. Brandon Morales/Unsplash - Vi har busett veldig mange på veldig kort tid. No er det tid for å bremse litt opp, slik at vi kan følgje opp dei vi har tatt imot på ein ordentleg måte, seier leiar for flyktningtenesta i Bjørnafjorden kommune, Marita Hjelle.
Bjørnafjorden kommune ligg på topp av alle kommunane i Vestland fylke når det gjeld prosentvis busetting av flyktningar i 2022.

Effektivt og initiativrikt mottaksapparat

Myndigheitene har bedt norske kommunar om å busette til saman 35 000 flyktningar i 2022. Bjørnafjorden kommune skal huse 170 av desse. På grunn av eit svært så effektivt og initiativrikt mottaksapparat ved flyktningtenesta, er allereie 130 flyktningar busette i Bjørnafjorden kommune.
I mange kommunar går busettinga sakte, og flyktningane blir sittande lenge i mottak og mellombelse bustader.

Maha Hadi, Knut Venge, Cecilie Grøm Eidebakken, Yonas Zemuy Kebedom og Marita Hjelle i flyktningtenesta i Bjørnafjorden kommune, har saman med tolkane Julia Tveit, Marina Nepali og Dmytro Ostanin, SLT-koordinator Elin Tuft og tilsette frå helsetenestene, NAV og bustadkontoret, jobba intensivt med å ta imot ukrainske flyktningar dei siste tre månadane. 

Denne gjengen (og fleire til) har stått på seint og tidleg for å ta imot flyktningane frå Ukraina. Bak frå venstre: Yonas Zemuy Kebedom og Knut Venge, begge frå flyktningtenesta, tolk Marina Nepali, helsesjukepleiar Eva Kleive, Maha Hadi frå flyktningtenesta, helsesjukepleiar Aida Baretto, Lars Trane frå bustadkontoret. På benken frå venstre: Anne-Merete Lind Olsen frå NAV, Camilla Bøe Haldorsen frå NAV, Marita Hjelle frå flyktningtenesta, SLT-koordinator Elin Tuft og tolk Dmytro Ostanin. 

 Proaktive opp mot IMDi

- Det har vore travle dagar, men eg er imponert over dei tilsette, og takksam for kor bra det har gått. Intensive "mottaksdagar" på kontoret, kor vi har samla alle dei ulike hjelpetenestene for å gi flyktningane koordinert informasjon samstundes, har vist seg å vere ei god oppskrift på rask saksbehandling, seier Hjelle.
- Det gjorde oss i stand til å ta imot veldig, mange veldig raskt. Vi har òg vore proaktive opp mot Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), og meldt inn flyktningar som allereie var komne til familie og venner i Bjørnafjorden, slik at dei fekk bu her, i staden for å bli flytta til andre kommunar, seier Hjelle.

Busetting av flyktningar i kommunane

Flyktningar som har fått opphald i Noreg, skal få tilbod om bustad i ein kommune. På bakgrunn av oppmoding frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), fattar kommunane politisk vedtak om kommunen vil busette og om kor mange personar kommunen ønskjer å busette.

IMDi inngår avtale om busetting av enkeltpersonar med kommunane som har vedtatt å busette flyktningar. Ved busetting tilbyr kommunen som regel bustad, i tillegg til lovpålagte kommunale tenester etter sektorregelverket.

Dei som blir busett er personar som er innvilga opphald etter søknad om beskyttelse i Noreg, og overføringsflyktningar som får opphald i Noreg etter avtale med FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

Kjelde: Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

Tid for oppfølging

Flyktningane bur på begge sider av fjorden. Dei fleste av dei 130 busette flyktningane er kvinner og barn. Av kvoten på 170 flyktningar som Bjørnafjorden kommune skal ta imot i år, er det no berre 50 att.
Kring 20 flyktningar frå Ukraina bur allereie privat hos familie og venner i Bjørnafjorden, men har ikkje fått vedtak om opphald og er derfor ikkje formelt busette i kommunen enno.
- Vi jobbar for at desse kvoteplassane skal gå til flyktningane som allereie er i Bjørnafjorden eller har ei tilknytning her. No konsentrerer vi oss om å hjelpe dei vi har tatt imot på ein skikkeleg måte, og gi oppfølging i form av praktisk hjelp og integrering i Bjørnafjorden-samfunnet, seier Hjelle.