Kommunedirektør Christian F. Fotland har vore ein av søkerane til stillinga som kommunedirektør i Arendal kommune, men har no trekt søknaden.
- Prosessen i Arendal har vore spennande og lærerik. Etter ei totalvurdering ønskjer eg å jobbe vidare med å skape gode kvardagsliv for alle innbyggarane i Bjørnafjorden kommune.
- Bjørnafjorden kommune har store utviklingsmoglegheiter både for næring, bustad og tenesteutvikling. Dette kjem til å bli veldig spennande i åra som kjem og noko eg ønskjer å vere ein del av.
- Eg ser fram til å samarbeide med både tilsette, politikarar og innbyggarar dei neste åra, avslutter Fotland.