Foreslår å bevare legevakta i Eikelandsosen
I budsjettforslaget for 2024 var det foreslått å avvikle legevakta i Eikelandsosen. Bjørnafjorden kommunestyre vedtok i desember å sette ned ei arbeidsgruppe for å gjennomføre ein ROS-analyse og greie ut nødvendige kompenserande tiltak. Etter å ha gjennomført ei brei utgreiing, er konklusjonen frå arbeidsgruppa at legevakta bør oppretthaldast, men med ein ny og mindre konstnadskrevjande driftsmodell.

No skal rapporten opp til politisk behandling i råd og utval, før kommunestyret gjer vedtak i saka 2. mai.
Dette er gangen i saka: ungdomsrådet 9. april, eldrerådet 11. april, råd for menneske med nedsett funksjonsevne (RMNF) 12. april, tenesteutvalet 16. april, formannskapet 18. april og kommunestyret 2. mai.
Sist endra 04.04.2024 09:13