Har du bytta ut eldstaden din sidan 1. januar i fjor? Då kan du vere kvalifisert for vrakpant på 5000 kroner!

Dersom du har oppgradert til ein meir miljøvennleg eldstad etter 1. januar 2023, kan du ha rett på vrakpant.

Vrakpant på gamle eldstader er ein enkel måte å både bidra til miljøet og få økonomisk kompensasjon på. 

Les meir om du kvalifiserer til vrakpant og korleis du søkjer her

Gode grunnar til å bytte til ein ny og reintbrennande omn:

Ein ny og reintbrennande omn utnyttar opptil 85 prosent meir av energien i ein vedkubbe, samanlikna med ein gamal omn. Sven Brandsma/Unsplash
  • Reduserer partikkelutslepp med opp til 86 prosent.
  • Møter verdas strengaste miljøstandardar og gir reinare luft.
  • Anbefalt av miljømyndigheitene, som tar omsyn til både globale og lokale forureiningstilhøve.
  • Miljøvennleg og CO2-nøytral.
  • Nye omnar utnyttar opptil 85 prosent av energien i ein vedkubbe, og gir meir varme per kubbe - potensielt reduserer dei vedforbruket med opptil 40 prosent.
  • Svært kostnadseffektivt for deg som har moglegheit til å hogge veden sjølv.