Kjenner du til allemannspliktene?

Mange skal på ferie i Noreg i vekene framover. Kombinert med ei rekordhøg interesse for friluftsliv, aukar òg presset på naturen.
Allemannsretten gir oss lov til å fritt nyte den norske naturen. Men med den fridomen følgjer òg nokre allemannsplikter - mellom anna prinsippet om sporlaus ferdsel og respekt for innmark.

Sporlaus ferdsel

Sjølv om det er lett å forstå kva det betyr, er det ikkje alltid like enkelt å vite korleis det skal gjennomførast. Kva gjer vi for eksempel med dopapir? Og er det greitt å la bananskal og anna organisk avfall ligge?

Ein god hugseregel er at det skal sjå like fint ut når du drar, som då du kom. Det betyr at alt du tar med deg ut i naturen, skal du også ta med deg heim, oppmodar Norsk Friluftsliv, fellesorganisasjonen for dei 18 store friluftsorganisasjonane, med over 950 000 medlemsskap og 5000 lokale lag og foreninger.

Kor gjeld allemannsretten - og ikkje?

  • Innmark er område som hustomter, gardsplassar, dyrka mark, industriareal og liknande område der turgåarar vil vere til bry for eigar av grunnen. Utmark er det meste av naturen, som skog, fjell, sjø og myrområde.
  • Hugs at allemannsretten berre gjeld i utmark. I innmark er reglane slik at du kan gå tur på vegar og stiar, så lenge du held god avstand til hus, hytter, hagar og gardstun.
  • Vit at du har lov til å overnatte ute i utmark året rundt, men teltet eller hengekøya skal ikkje opp nærmare enn 150 meter frå bebudde hus og hytter.
  • Ta gjerne eit bad i sjøen, vatn og elver, men hugs å halde rimeleg avstand til bebudde hus og hytter. Det er ikkje lov å bade frå private brygger utan lov frå dei som eig brygga.
  • Du kan padle fritt på sjøen, innsjøar og i elver, men vil du legge inntil ei privat brygge må du spørje eigaren. I utmark kan du dra båten, kajakken eller kanoen i land for ein kortare tidsperiode, men skal han stå lengre, må du avtale med grunneigar.

Trudde du det var lov å hogge ned friske tre? Det er det ikkje

  • Ikkje hogg ned friske tre for å skaffe ved. Det er heller ikkje lov å gjere skade på friske tre, og bryte av greiner. Ta derfor med ved heimefrå, med mindre du veit at du vil finne døde greiner og kvistar. Det er eigne reglar for nasjonalparkar og andre verneområde, så gjer deg kjend med reglane der du er. Plantelivet i verneområde er som regel freda. Det gjeld også døde buskar og tre.
  • Hugs bålforbodet frå 15. april til 15. september, og vel bålplass med omhu. Under det generelle bålforbodet er det likevel lov å tenne bål i tilfelle der det ikkje medfører brannfare, for eksempel etter mykje nedbør. Plasser bålet der det ikkje gjer skade på naturen. Finst det ein bålplass frå før? Bruk den.
  • Unngå å gjere skade på naturen når du set opp leiren. Det er for eksempel ikkje lov å lage hakk i trea for å feste hengekøyer eller kappe greiner for å få plass til teltet.
  • Ver førebudd, ha med deg ein pose til bosset. Alt du har tatt med deg ut, skal du ta med deg heim igjen. Det gjeld også for matavfall, som bananskal og liknande, som brukar lang tid på å brytast ned i naturen.
  • Hugs å rydde etter deg, og sløkk bålet godt. I tillegg til å ta med alt av boss heim att, skal du plassere steinar, tømmerstokkar eller liknande du har brukt tilbake der du fann det. Då blir det fint også for dei som kjem etter deg.

Les også: Slik går du på do i naturen

God sporlaus tur!

Norsk Friluftsliv har laga ei rekke informative og underhaldande filmar om allemannspliktene, med Bjørn Sundquist i hovudrolla. Sjå alle filmane og les meir om allemannsretten og -pliktene her.