Lærar eller barnehagelærar? Kom til oss i Bjørnafjorden!

Kanskje nettopp du vil starte det nye barnehage- og skuleåret saman med oss til hausten?

Ein god oppvekst varer livet ut, og som barnehagelærar eller lærar er du med på å gi barn og unge eit godt grunnlag. 
No lyser vi ut ei rekke stillingar på Oppvekst-området.

Sjå alle ledige stillingar innan skule og barnehage i Bjørnafjorden

I Bjørnafjorden kommune har du moglegheit til å jobbe i gode, spennande og inspirerande fagmiljø med oversiktlege og korte beslutnings- og tenestevegar. Hos oss får du vere tett på og påverke retninga vi tar i kommunen.

Alle barn og unge skal ha gode oppvekstmiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

 

Om Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune ligg i idyllisk fjordlandskap, 15 minutts køyretur sør for Bergen. 
Bjørnafjorden kommune såg dagens lys 1. januar 2020, etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. 
Vi har litt over 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Bjørnafjorden har 17 barneskular (14 kommunale, 3 private), 3 ungdomsskular og 24 barnehagar (8 kommunale, 16 private).

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

I sektoren Oppvekst gir vi tenester til barn, unge og familiane deira, med særskilt fokus på tidleg innsats og førebygging.
I Bjørnafjorden er «alle barn våre barn». Det betyr at vi har eit felles ansvar for barn og unge i vår kommune.

Vi legg til rette for trygge og utviklande oppvekstmiljø i eit samarbeid mellom tilsette, barn, ungdom, familiar og eksterne samarbeidspartar.

Nyutdanna? Vi har mentorordning i både barnehagar og skular, i tillegg til eit aktivt nettverk for nyutdanna tilsette lærarar. Les meir om korleis det er å jobbe med barn og unge i Bjørnafjorden kommune

Bli lærar i Bjørnafjorden-skulen

Som lærar i Bjørnafjorden kommune får du kollegaer som bryr seg om deg og kvarandre, og som er opptatt av å samarbeide om å skape trygge og gode rammer for læring. Å vere lærar skal ikkje kjennast einsamt, men vere eit felles prosjekt.

Les meir og sjå ledige stillingar

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Våre mål

Alle barn og unge skal ha gode oppvekstmiljø som

  • fremmar helse, trivsel og læring
  • gir meistring, tryggleik og anerkjenning
  • førebygger utviklings- og helserelaterte vanskar 

Korleis jobbar vi for å nå måla våre?

  • Vi jobbar i team for å finne gode, tverrfaglege løysingar til det beste for barn, unge og familiane deira.
  • Vi er fleksible og jobbar for å skape god samanheng i tenestene.
  • Vi har felles satsingar for heile skuleområdet.
  • Vi er utviklingsorienterte og nyttar forskingsbasert kunnskap og metodar.
  • Vi driv systematisk utviklingsarbeid og held fast ved satsingar over tid.
  • Vi har gode barnehage- og skulebygg og uteområde/nærmiljøanlegg som fremmar leik, læring og trivsel og bidrar til god folkehelse.

Bli barnehagelærar i Bjørnafjorden

Som barnehagelærar får du bidra til barn si utvikling ved å gi kunnskap, erfaringar og opplevingar.
Vi tilbyr arbeidsmiljø der teamarbeid er viktig for å utvikle barnehagane våre som lærande, nyskapande og inkluderande organisasjonar.

Les meir og sjå ledige stillingar

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune