Miljøfyrtårn til Kaizen Consult

Kaizen Consult AS gir råd til bedrifter i ulike sertifiseringsprosessar. No har Kaizen sjølv fått plaketten som viser at selskapet er sertifisert Miljøfyrtårn. 

Ellen Marie Westvik og Elin Huseby frå Kaizen Consult fekk Miljøfyrtårn-plaketten overrekt av ordførar Trine Lindborg.

Elin Huseby starta Kaizen Consult for eit knapt år sidan. - Det har vore travelt, men det er sjølvsagt eit luksusproblem å ha mykje å gjere frå første dag, seier Huseby. Ho trengte å utvide, og er glad for å ha fått Ellen Marie Westvik som kollega. Westvik begynte sin aller første arbeidsdag i Kaizen med Miljøfyrtårn-møte hos ordføraren.  

Strenge lovkrav

Miljøfyrtårn-rettleiing utgjer ein del av oppdraga til Kaizen, elles bistår dei blant anna bedrifter i alle bransjar med internasjonal kvalitet-, miljø- og HMS-sertifisering. Både Huseby og Westvik har òg erfaring frå kommunalt HMS-arbeid i Os og Bjørnafjorden. - Vi blei begge tilsett i Os kommune av tidlegare personalsjef Eva Røttingen. Ho hadde respekt for at HMS er eit eige fagfelt, og gav oss rom til å drive med faget vårt.  

Når små bedrifter skal skal i gang med omfattande internasjonale ISO-sertifiseringar, møter dei same lovkrav som dei store.
- Då trengst det gjerne ekstern bistand, og Kaizen kan ta seg av prosjektorganiseringa, seier Huseby og Westvik.
Dei understrekar at det å få Miljøfyrtårn-status er ein mindre omfattande prosess, og eit oppnåeleg mål for mange bedrifter

Kundar forventar miljøsertifisering

Stadig fleire kundar stiller krav om at leverandørbedrifter må vere miljøsertifiserte for å kunne konkurrere om oppdrag. 

Felleskriteria som alle bedrifter må oppfylle for å bli Miljøfyrtårn, er bant anna forankring i mål og handlingsplan, krav til innkjøp, sortering av avfall, transport og energiforbruk.   
- For vår del var transport ut til kundar ein vesentleg faktor i vår eiga miljøkartlegging, seier Huseby. Kaizen kan gjennomføre mange møte på Teams frå kontoret i Ulvenparken, og elles brukar dei el-bil til nødvendige reiser. 

- Det er kjekt å møte lokalt næringsliv og høyre om korleis dei jobbar. Utfordringane er veldig ulike. Enkelte bedrifter må gjere store endringar for å bli Miljøfyrtårn, andre treng berre små tilpassingar, seier Lindborg.