No er det enklare å finne saka du leitar etter

Ny og forenkla innsynsløysing på heimesida vår gjer at det no endeleg er enklare å søkje etter og finne saker og dokument. 

Du har i utgangspunktet rett til innsyn i alle kommunen sine saker og dokument, dersom ikkje lov eller forskrift seier noko anna. Unsplash

Ein ting er rett til innsyn, noko anna er å legge til rette for innsyn, slik at det skal vere mogleg for deg å finne det du ønskjer. Tidlegare måtte du gjerne kjenne dato for journalført post, velje sakstype, saksnummer eller ha annan detaljkunnskap for å få opp relevante dokument. 

Betre fritekstsøk

No kan du søkje på til dømes eit namn eller emne i søkjefeltet for å sjå alle registrerte dokument i våre offentlege register, på same måte som når du brukar andre søkjemotorar for å finne informasjon.

Enkelt å filtrere 

I tillegg er det sjølvsagt framleis mogleg å filtrere ulike typar dokument, avgrense på periodar og spesifisere kva type sak du søkjer etter (t.d. byggesak, delingssak osb.)

Søk etter sak

  • Offentlegheitsprinsippet er heilt grunnleggande for Bjørnafjorden kommune si verksemd og gir deg rett til innsyn i kommunen sine saksdokument. 
    Bjørnafjorden kommune skal vere ei open og transparent verksemd, og publiserer offentleg postjournal og dokument på internett. 
  • Offentleglova gir alle rett til å krevje innsyn i kommunen sine saksdokument, journalar, postlister og liknande register. Du har i utgangspunktet rett til innsyn, dersom ikkje lov eller forskrift seier noko anna.
  • Enkelte dokument inneheld opplysningar som er underlagt teieplikt og er derfor ikkje offentlege. 
    Du kan likevel be om innsyn i dokumentet. Då vurderer vi om det etter lova er grunnlag for å gi deg innsyn, til dømes med enkelte opplysningar sladda.