På skulebenken for betre demensomsorg

Ein ny gjeng frå Bjørnafjorden kommune starta nettopp opp med "Demensomsorgens ABC". Her er dei samla til første fagdag i Bergen 8. september: Frå Luranetunet bu- og behandlingssenter: Cherryl Økland, Kari Reed-Larsen, Natalie Fagertun, Karoline Rosendahl, Kjellfrid Gassmann, Helen Herbert, Nora Nilsen, Sissel Høviskeland Kleppe, Jannicke Foss (Bemanningssentralen), Frå Fusa heimesjukepleie: Turid Kristine Vindenes, Magnhild Kaland Olsen, Kristin Henanger, Marthe Sperrevik Hansen, Frida Apalset Henriksen, Fausta Apicella Kommunekontakt: Sølvi Bjørnevoll Fagertveit (demenskoordinator). Desse var ikkje til stades då biletet blei tatt, men deltar på kurset: Kari Kårstad Vaka (demensarbeidslaget) Åsa Mari Hølland (Luranetunet), Ioannis Karampatsos (Luranetunet). Sølvi Bjørnevoll Fagertveit

Alle tilsette i pleie- og omsorgsektoren i Bjørnafjorden kommune får tilbod om å gjennomføre "Demensomsorgens ABC". Kurset strekker seg over to år, og gir oppdatert og nødvendig kunnskap om demenssjukdom, sjukdomsforløp og demensomsorg som set personen i sentrum.
 

"Demensomsorgens ABC" er eit kurs i regi av Aldring og helse, i samarbeid med Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester Vestland (UST).

Sjå og forstå

- For at vi skal kunne sjå og forstå personen bak sjukdomen, er det heilt avgjerande at vi har kompetanse om sjukdomen og forløpet. Tilsette som har gjennomført kurset fortel at dei føler seg tryggare i jobben sin. Miljøbehandling er integrert i alle tema i "Demensomsorgens ABC". Det vil seie at vi fokuserer på korleis vi kan legge til rette for at personar med demens kan halde fram med å bruke ressursane sine og leve eit aktivt liv, både i eigen heim og på institusjon. Kunnskap er kjempeviktig for å få dette til, fortel demenskoordinator i Bjørnafjorden kommune, Sølvi Bjørnevoll Fagertun.

Les meir om Demensomsorgens ABC